Tre namn på plass i toppleiinga i Helse Møre og Romsdal

To av dei er eksterne.

Jo-Åsmund Lund, Ragnhild Remøy og Henrik Erdal blir ein del av den nye leiargruppa til Helse Møre og Romsdal

I mai blei det lyst ut fem toppleiarstillingar i samband med omorganiseringa av helseføretaket. No er tre av desse på plass. 

• HR-direktør: Ragnhild Remøy
• Fagdirektør: Jo-Åsmund Lund
• Klinikksjef barn, unge og kvinne: Henrik Erdal

- Eg er veldig fornøgd med å få på plass desse personane i leiargruppa. Leiinga skal legge til rette for eit best mogleg tenestetilbod til befolkninga i Møre og Romsdal, og for den vidare utviklinga av helseføretaket, seier Remme.

Dei to siste stillingane, klinikksjef for Klinikk for kirurgi og klinikksjef for klinikk for akuttmedisin, vil truleg vere avklart seinare denne veka.

HR-direktør

Ragnhild Remøy (42) kjem frå stillinga som organisasjonsdirektør ved Fiskarstrand verft, og har til saman fjorten års leiarerfaring både frå statleg og privat verksemd.

Remøy har ein Executive MBA i strategisk leiing, ein bachelorgrad innan «International relations and foreign affairs», og har også studert «Global business» i to år ved Oxford University.

Helseføretaket sin nye HR-direktør er oppvaksen på Blindheim i Ålesund, men har budd ni år i utlandet og nokre år i Oslo før ho flytta heim i 2007.

- Denne typen verksemd betyr mykje for innbyggjarane i Møre og Romsdal, og for meg er det ei ytterst meiningsfull oppgåve. Eg gler meg til å starte i jobben, seier Remøy.

Remøy vil overlappe med noverande personaldirektør frå 1. oktober, og startar i stillinga frå 1. november 2016.

Fagdirektør

Jo-Åsmund Lund (49) kjem frå stillinga som klinikksjef for Kreftklinikken ved St.Olavs Hospital, og har mange års erfaring som spesialist i onkologi ved det same sjukehuset. Lund har i tillegg leia det regionale arbeidet med å få på plass dei nasjonale pakkeforløpa i kreft.

Lund kjem opphavleg frå Jessheim, men har budd i Trondheim sidan 80-talet. I 2004 var han ferdig utdanna spesialist, og tok ein doktorgrad i klinisk medisin i 2008. No flyttar han til Sunnmøre, der slekta til kona er busett.

- Eg har møtt mange dyktige fagfolk som eg opplev vil det beste for helseføretaket, så eg gleder meg til å ta fatt på arbeidet.  Eg ser fram til å utvikle tenestane saman med dei tilsette, seier den nye fagdirektøren.
Lund startar i stillinga den 1. januar 2017. 

Klinikksjef, Klinikk for barn, unge og kvinne

Henrik Erdal (48) har vore klinikksjef for Kvinneklinikken i Helse Møre og Romsdal frå 2012 og fram til våren 2016 då klinikken blei fusjonert med Klinikk for barn og unge. Erdal har hatt stillinga som ass. klinikksjef i den nye klinikken. Erdal er frå Høyanger i Sogn, og arbeidde nokre år som kommunelege på heimplassen før han kom til Ålesund sjukehus i 2000 og var ferdig som spesialist (gynekolog) i 2007.

- Eg vil bruke den første tida til å bli godt kjend med heile klinikken. Heilskapstenking, fagutvikling og gode forløp for pasientane må ligge i botn for vidareutviklinga av tenestene våre, seier Erdal som tek til i ny stilling den 1. oktober 2016.