Trøbbel med telefonlinjene inn til Molde og Kristiansund sjukehus

OPPDATERT 18. NOVEMBER.

 

Søndag 6. november blei det varsla om trøbbel og ustabile telefonlinjer inn til sjukehusa i Molde og Kristiansund.

Trass i stor innsats frå teknisk personell har ein ikkje klart å spore opp feilen som gjer telefonlinjene ustabile.

Nye telefonar

HMR har bestilt 300 nye telefonar som skal plasserast ut på dei mest kritiske stadane på sjukehusa i Kristiansund og Molde. Desse er ikkje knytte opp mot den gamle telefonsentralen. Arbeidet skulle starte tidleg denne veka, men grunna forsinka leveranse er ikkje arbeidet kome i gong enno. Telefonane er venta i løpet av fredag 18. november, og arbeidet med å plassere dei ut vil starte umiddelbart.

– Situasjonen er framleis stabil. Det har ikkje vore auke i talet på hendingar. I fall situasjonen skulle endre seg, er det også denne helga etablert ekstra beredskap med teknisk vakt begge stader på plass, seier avdelingssjef Audun Krøvel i Klinikk for drift og eigedom.

– I tillegg er det er sett i verk tiltak som å ha beredskapstelefonar som back-up på samtlege avdelingar i Kristiansund og Molde, slik at ein sikrar at ein kan kommunisere internt, seier Krøvel.

Dersom du ikkje når gjennom på dei vanlege nummera inn til Molde sjukehus og Kristiansund sjukehus, kan du ringje følgjande nummer:

  • Kristiansund sjukehus: tlf 992 14 130 eller 992 14 131
  • Molde sjukehus: tlf 992 14 079 eller 992 14 080

Nødnummer 113 og legevaktssentral 116117 er ikkje påverka av hendinga.

Gi oss tilbakemelding på info@helse-mr.no viss du opplev problem med å kome i kontakt med sjukehuset ditt.