Varm velkomst til bamsesjukehuset i Ålesund
– Dei gode tilbakemeldingane i etterkant gjer at det freistar til gjentaking og ny tradisjon, seier initiativtakar Jane Indrevåg.
– Dette gjekk over all forventning, seier bamsesjukehuskomiteen ved Jane Indrevåg og Morten Eikrem som til dagleg er legar på ortopedisk avdeling på Ålesund sjukehus.
Då dei opna dørene torsdag morgon vart det raskt 37 bamsar i kø utanfor CT-laben. Og i løpet av dagen var det om lag 100 barn og bamsar innom. Barna hadde med bamsar med behov for grundig undersøking og behandling, om det var sying av sår, operasjon, plastring eller samtaleterapi. Barna fekk studere skjelett og andre kroppsstrukturar og bamsesjukehuset fekk besøk av sjukebil og ambulansepersonell.
Sjå fleire bilde på vår Facebook-side
For første gong i Møre og Romsdal
Bamsesjukehus har vore arrangert ved fleire store sjukehus i landet, men for første gong i Helse Møre og Romsdal. Initiativtakarane Indrevåg og Eikrem inviterte fire barnehagar i området rundt sjukehuset, i tillegg til inneliggande barn frå 3 – 6 år på barneavdelinga.
– Etter opplegg på andre bamsesjukehus har eg høyrt at det ikkje var alle som turte å ta med favorittbamsen på sjukehuset. Då var det tryggare å ta med den som har lagt i ein skuff ei stund, smiler overlege Morten Eikrem.
– Vi håper å bidra til at barna får ei kjekk og lærerik oppleving som kanskje også kan ufarleggjere møtet med sjukehus og helsepersonell, fortel Jane Indrevåg som ønsker å rette en spesiell takk til medisinstudentar, turnuslegar og teknisk avdeling som bidro til å gjere dagen komplett.
– Etter å ha fått så mykje god respons, samt at utstyret no er på plass, så håper vi jo sjølvsagt på at vi får arrangere bamsesjukehus igjen i Ålesund.