Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ventetidene er historisk låge i helseføretaket

Helse Møre og Romsdal har mange viktige prosessar på gang samstundes. Planlegginga av SNR som involverer om lag 150 fagfolk internt er i full gang, parallelt med at føretaket køyrer ein omfattande organisasjonsutviklingsprosess.

Trine Kvalheim
Publisert 10.03.2016

Samstundes arbeider organisasjonen kontinuerleg med forbetringsarbeid, og ein ser gode resultat på kvalitet.


- 80% av pasientane får time direkte i staden for å bli sette på venteliste, og dei siste tala frå februar viser at ventetidene er historisk låge, seier adm.dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal. Han rosar dei tilsette for resultatet.

Frå styremøtet i Helse Møre og Romsdal 9. mars

Frå styremøtet i Helse Møre og Romsdal 9. mars

Forbetringar frå i fjor

I mai i fjor fekk 46 % av pasientane time direkte, i dag er fasiten 80 %. I tillegg blir det færre som må vente lenge. Talet på dei som har venta meir enn 200 dagar har gått ned med 83 % i februar samanlikna med i fjor. Talet på fristbrot er også sterkt nedgåande, noko som er godt nytt for helseføretaket.

- Det er nokre tal som ikkje går rett veg, og det er tala på kor lenge utskrivingsklare pasientar ligg i sjukehusa, sier styremedlem Svein Anders Grimstad. Han fortalde om eiga kommune som måtte gjere grep og finne løysingar med fleire sjukeheimsplassar, fordi talet på ferdigbehandla pasientar var høgt.
Talet på utskrivingsklare pasientar ved sjukehusa har ikkje vore høgre sidan samhandlingsreforma tredde i kraft i januar 2012. Utfordringane har vore spesielt store ved dei medisinske avdelingane.

Minus i februar

Sjølv om aktivitetstala for februar er 8 millionar over budsjett, så dreg lønnskostnadane ned resultatet tilsvarande. Rekneskapsresultatet for februar viser eit resultat på minus 4,3 millionar, ei betring frå januar som viste minus 7,2 millionar. 
Helse Møre og Romsdal har budsjettert med eit overskot på 32 mill. kroner for 2016.

- Det finst ikkje noko kvikk-fiks i sjukehusverda - for alt heng saman med alt. Skal vi lykkast med slike omstillingar må vi få med oss kunnskapsarbeidaren og forankre tiltaka. Når vi har valt kontinuerleg forbetring som strategi så har det to dimensjonar: å forbetre tenesta men også å skape økonomisk handlingsrom. Vi må jobbe smartare men ikkje nødvendigvis fortare, seier Stein Kinserdal styreleiar i HMR.


SNR er i rute

Hovudbodskapen frå prosjektdirektør for SNR, Bjørn Remen, er at planlegginga er i rute.  Han presenterte hovudfunksjonsprogrammet, som er eit av planleggingsstega i konseptfasen for SNR. Remen understreka innleiingsvis at SNR omfattar både sjukehuset på Hjelset og spesialisthelsetenestetilbodet i Kristiansund.


- Om lag 150 deltakarar arbeider i ulike grupper innan delfunksjonsprogrammet, og vi er glad for at det er eit stort engasjement for å vere med. Bortimot det doble av dei vi hadde plass til,  ønska å vere med i planlegginga, fortel Remen.

Sjå presentasjon frå Remen (pdf)

Les hovudfunksjonsprogrammet her (pdf)

Les meir om planlegging av SNR her

Prosjektdirektør Bjørn Remen presenter hovudfunksjonsprogrammet for styret i Helse Møre og Romsdal.
Prosjektdirektør Bjørn Remen presenter hovudfunksjonsprogrammet for styret i Helse Møre og Romsdal.

SNR i Kristiansund

Framover våren skal ein også gå nærare inn i alternativa som for tilbodet i Kristiansund. -Vi skal sjå på to moglege lokalsjonar der den eine er Kristiansund sjukehus. I tillegg skal vi greie ut to driftsmodellar for kvar lokalsjon, der det tyngste alternativet ligg inne med dagkirurgi, forklarer Remen.

Milepælar 2016

  • 1.juni: Delfunksjonsprogram og skisseprosjekt blir lagt fram for styret i HMR.
  • 31.august: Konseptfaserapporten blir lagt fram for styret i HMR.
  • September/Oktober: Høyring av rapporten + KSK.
  • November: Saksbehandling av konseptfaserapport i styret i HMR (nytt møte).
  • Desember: Saksbehandling av rapporten i styret i HMN

Publisert: 09.03.2016