Viktige beslutningar i OU-prosjektet
Tysdag 4. oktober vedtok leiargruppa kva hovudprinsipp som skal ligge til grunn for organisering av helseføretaket framover.
– Leiargruppa har mellom anna beslutta namn på klinikkar og stabsavdelingar, nedre grense for tal årsverk i seksjonane, forslag til organisasjonsendringar på nivå 3 og 4 og korleis ein skal arbeide vidare med stadleg leiing, seier Helge Ristesund, prosjektleiar i arbeidet med organisasjonsutvikling og ass. direktør i HMR.
Presentasjon av beslutninga
- Dei fleste tema i rapporten som har vore på høyring ser vi har fått støtte i høyringssvara, seier Ristesund. Det kom inn 76 svar som alle har vore gjennomgått, og som ligg i botn for beslutninga. - Leiargruppa ønskjer å takke for alle verdifulle innspel som kom inn, seier Ristesund.
Nedre grense seksjonsstørrelse
Leiargruppa går inn for å ha ei anbefalt nedre grense på 15 årsverk i seksjonane, og det gjeld både for stab og klinikkar. I høyringsforslaget var grensa satt til 10 årsverk i stab og 15 for klinikkane. Nedre anbefalte grense for seksjonsstørrelse er no 15 for alle seksjonar.
Namn på klinikkar og stabsavdelingar
Eit stort tal høyringsinnspel støtta namneforslaga, men nokre generelle innspel gikk på at namna bør haldaast korte og enkle. Etter høyringa er nokre av namna endra, i hovudsak for å harmonisere namna mellom klinkkane, og for å gjere dei enklare. I tillegg er det etter ei heilheitleg vurdering beslutta at drift og eigedom blir etablert som eigen klinikk (les meir i kpt 8 i rapporten).
Her er dei nye namna:
- Klinikk for psykisk helse og rus
- Klinikk for kirurgi
- Klinikk for akuttbehandling
- Klinikk for diagnostikk
- Klinikk for medisin og rehabilitering
- Klinikk for kvinner, barn og ungdom
- Klinikk for drift og eigedom
- Administrasjonsavdeling
- Fagavdeling
- HR-avdeling
- Økonomiavdeling
Avvik frå prinsippa
Leiargruppa har samle seg om nokre få hovudprinsipp og derfor meiner ein at organisasjonen i hovudsak vil klare å halde seg innan prinsippa. -Om ein har grunn til å fråvike eit av prinsippa skal leiargruppa ta stilling til dette, etter at det er gjort ei heilheitleg vurdering og innstilling frå OU-funksjonen, seier Ristesund.
Han understrekar at helseføretaket må vere i ein kontinuerleg OU-prosess på lik linje med anna arbeid med kontinuerleg forbetring. Om noko ikkje fungerer må det kunne endrast. Leiargruppa var også einige om at ingen forslag om endring i funksjonar betyr at ein får tilført nye ressursar.
Stadleg leiing
Leiargruppa anbefaler at det blir sett i gang eit pilotprosjekt ved eitt av sjukehusa for å prøve ut korleis ei stadleg driftsleiing/koordinering kan organiserast.
Stadleg driftsleiing/koordinering
Etablere eit pilotprosjekt ved eitt av sjukehusa.
Planlagt og bemanna primo 2017, og oppstart medio 2017.
Legge ei av leiarsamlingane på nivå 2 ut til sjukehusa
Stadlege leiarmøte på nivå 2 skal ligge ute på sjukehusa. Leiargruppa skal stå fritt til å utforme agenda og frekvens etter behov.
Hus-ansvarleg: Klinikk for drift og eigedom får ansvaret for å tydeleggjere rolla til ein hus-ansvarleg, evt med støtte frå OU-prosjektet.