Annette Saunes er vår nye forbetringsagent

Sjukepleiar Anette Saunes ved Forsterka rehabilitering, Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre er etter søknad og hard konkurranse blitt tildelt studieplass ved Nordisk forbedringsagentutdannelse.  Utdanninga gir kompetanse i å iverksette og leie forbetringsprosjekt som kan føre til markante forbetringar i helsetenesta.

 

Annette Saunes
Annette Saunes

– Vi veit av erfaring at endringar tar tid å innføre, og det er viktig å sikre at endringar også fører til forbetringar. Derfor bygger vi opp kompetanse hos nordiske forbetringsagentar. Vi ønsker at den kompetansen som deltakarane får og dei lokale forbetringsprosjekta dei arbeider med i programmet, skal utgjere ein positiv forskjell i årevis framover, seier Anne-Grete Skjellanger, sekretariatsleiar i det nasjonale pasienttryggleiksprogrammet.

 

Programmet varer i ti månedar og inneheld tre samlingar, telefonkonferansar og individuell rettleiing og rådgiving. Ca. 15 danske og 15 norske klinikarar i helsetenesta blir plukka ut til kvart kull for å delta i opplæringsprogrammet.

Meir informasjon om Nordisk forbedringsagenter finn du her


I prosjektsøknaden har Anette Saune har lagt vekt på pasientforløp innan sikkerheitspsykiatri (pasientsikkerheit/HMS) og forbetring av tilvisingar og rutinar ved melding frå Nasjonal koordineringsenhet for dom til tvunget psykisk helsevern.

– Vi er svært glade for at Annette har fått studieplass, ho er ein drivar i kvalitets- og fagutviklingsarbeid. No blir det viktig å legge til rette for studiet slik at utdanninga til forbetringsagent kjem Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre, Klinikk for psykisk helse og rus, og heile Helse Møre og Romsdal til gode, seier avdelingssjef Nils-Arne Skagøy og ønsker samtidig Annette lykke til med studiet.