- Vi har over 30% auke i medikamentkostnader innan klinikk for medisin og rehabilitering, og det utgjer størstedelen av varekostnaden, sa økonomidirektør Heidi Nilsen i si orientering til styret i dag.
Utviklinga dei fem første månadene tyder på at budsjettet som gjeld medikament vil vere for lågt også resten av året.
- Vi vil analysere nærare årsaka til dette og venter mellom anna på rapportar frå sjukehusapoteket på forbruk fordelt på medikament, sa økonomidirektøren.
- Vi kan bekymre oss, bli veldig operative i styringa vår, eller støtte prosessane som er satt i gong. Eg meiner vi må halde oss til dei overordna strategiane, og at det er den einaste farbare vegen, sa styreleiar Stein Kinserdal og fekk støtte frå dei andre medlemmane i styret.
Styreleiaren ga også råd om at ein ikkje gaper over alle tiltak og prosessar på ein gong, og at ein sikrar god forankring og opplæring av leiarane i heile organisasjonen.
Stabile tal på gjennomsnittleg ventetid
Gjennomsnittleg ventetid for alle pasientar har halde seg stabil dei siste åtte månadane i Helse Møre og Romsdal, og i mai var ventetida akkurat på styringskravet som er 57 dagar.
- Innan psykiatrien har det vore ein auke, men stillingar som har stått ledige er no i ferd med å fyllast, og vi forventar ein nedgang i ventetida framover, seier fagsjef Mariann H. Gammelsæter i helseføretaket.
Barne- og ungdomspsykiatrien har reelle utfordringar og helseføretaket arbeider målretta med temaet, også opp mot det regionale helseføretaket.
– Mange av dei registrerte fristbrota skuldast feil i dei pasientadministrative rutinane, og er ikkje reelle fristbrot. Vi ser på forbetringar som kan gjerast i det interne arbeidet med fristbrot og ventetider, og har ein systematisk gjennomgang av feilregistreringar for å kartleggje årsak og sette inn tiltak for å hindre at same feil blir gjort på nytt, forklarte fagsjef Mariann Gammelsæter. Ho kunne også fortelje at det er delt ut midlar til 17 lokale forbetringsprosjekt innan pasienttryggleik.
Sjukefråver som i 2016
Sjukefråveret for mai var på 6,9 prosent, og er same tal som i mai 2016. Målsettinga for 2017, slik det går fram av HMS-handlingsplan (vedtatt i AMU i 2017), er eit arbeidsnærvær på 93 %. Til og med mai 2017 ligg snittet på 92 % arbeidsnærvær.
I august vil styret få styrsak på korleis helseføretaket arbeider med å førebygge sjukefråver.
Sjå statusrapporten for mai her.