Får gode skussmål for arbeidet med pasienttryggleik

Sjefen for pasienttryggleiksprogrammet tok turen innom Ålesund sjukehus forrige veke.

Seksjonsleiar Jo Volle gir Skjellanger ei omvisning på ambulant seksjon, DPS Sunnmøre.

​– Helse Møre og Romsdal har ei meget aktiv og engasjert kvalitetsavdeling som arbeider tett på klinikken. Eg trur mange andre sjukehus kan lære mykje av deira tilnærming til pasienttryggleik og forbetringsarbeid, seier Anne Grete Skjellanger, leiar for det nasjonale pasienttryggleiksprogrammet.

Forrige onsdag tok ho turen innom Ålesund sjukehus for å sjå nærare på korleis dei ulike avdelingane arbeider med pasienttryggleik.

Første stopp var sengeposten Medisin 5, kor personalet har tatt i bruk tavle som verktøy for å halde oversikt over risikoområder og tiltak for pasientane.

 

Seksjonsleiar Synnøve Haram Rotnes foran kvalitetstavla på Medisin 5.
Seksjonsleiar Synnøve Haram Rotnes foran kvalitetstavla på Medisin 5.

 

 

Etter det fikk Skjellanger sjå nærare korleis akuttmottaket, som er pilot i det nasjonale prosjektet "tidleg oppdagelse og behandling av sepsis", involverer dei ansatte i forbetringsarbeid.

 

 

På omvisning i akuttmottaket kor seksjonsleiar Elin Molvær Dybvik fortalte om korleis dei arbeider med forbetringsprosjekt.
På omvisning i akuttmottaket kor seksjonsleiar Elin Molvær Dybvik fortalte om korleis dei arbeider med forbetringsprosjekt.

 

Så var det ein tur innom kreftavdelinga, og til slutt ambulant seksjon i psykisk helsevern, kor leiar Jo Volle nyleg vann pasienttryggleiksprogrammet sin leiarpris.

 

Jo Volle på ambulant seksjon.
Jo Volle på ambulant seksjon.

 

- Det  var svært hyggeleg å besøke Jo Volle, som akkurat vant den nasjonale leiarprisen for sitt arbeid med akutt heimebehandlingsteam. Eg er ikkje i tvil om at dette er noko andre helseføretak burde lære av og vurdere å teste ut, seier Skjellanger.