Fleire store investeringsprosjekt fullført i 2016

– Tiltakspakken frå Helse- og omsorgsdepartementet har bidratt til at vi har fått realisert fleire prosjekt enn det vi hadde håpa på, seier klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen i Helse Møre og Romsdal.

Fasade Volda sjukehus
Volda sjukehus

​I 2016 fekk Helse Møre og Romsdal 50 millionar kroner dekt av regjeringa sin tiltakspakke. Desse midlane kjem på toppen av det helseføretaket har budsjettert med sjølv.

– Vi ser at dei 50 millionane har bidratt til at vi har fått realisert fleire prosjekt enn det vi hadde håpa på då vi stod ved inngangen av 2016, og det er sjølvsagt veldig positivt for helseføretaket, seier klinikksjef for drift og eigedom, Mona Aagaard-Nilsen.

Midlane er fordelt mellom 23 prosjekt.

Dei største investeringane er gjort på desse områda:

 

1.       Sterilsentral Molde (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
2.       Nødstraum Volda (delvis finansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
3.       Obduksjonssal Ålesund (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
4.       Sputumrom Ålesund (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
5.       Gastrolab Ålesund (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
6.       Produksjonskjøkken Hjelset (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
7.       Sputumrom Volda (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)


Det er også investert i:

  • Base for luftambulansen Ålesund (delvis finansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
  • Laboratoriet i Ålesund (delvis finansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
  • Høyrselssentral i Ålesund (delvis finansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
  • Operasjonsavdelinga i Ålesund (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke) 
  • Hovudtavle/kjøling Ålesund (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
  • Nødstraum Aure (delvis finansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
  • Kjølerom medisinsk biokjemi Ålesund (delvis finansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
  • Kabling trådlaust nettverk Volda og Ålesund + LØ (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
  • Avdeling for medisinsk mikrobiologi Molde (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
  • Energimerking bygg (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
  • Drenering og vedlikehald av teknisk anlegg Solhagen (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
  • Fasaden på sørsida av høgblokka ved Ålesund sjukehus (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
  • Parkering Volda (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
  • Forsterka rehabilitering i psykisk helsevern Ålesund (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)
  • Møterom (fullfinansiert av regjeringa sin tiltakspakke)