Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fødande til Kristiansund i nyttårshelga 2017

- Årsaka er at det har oppstått ein krevjande bemanningssituasjon både for jordmødre og legar i feriaavviklinga denne helga, seier overlege og seksjonsleiar Frank Walter.

Publisert 09.11.2017
En bygning med en stor murbygning
Kristiansund sjukehus

​Fødeavdelinga ved Molde sjukehus vil vere stengt for inntak av fødepasientar i perioden frå 27. desember kl. 08.00 til 2. januar 2018 kl. 08.00.

- Årsaka er at det har oppstått ein krevjande bemanningssituasjon både for jordmødre og legar i ferieavviklinga og vi vel derfor å samle fødetilbodet til Kristiansund denne nyttårshelga, seier Frank Walter, overlege og seksjonsleiar for gynekologisk poliklinikk Kristiansund og Molde

Fødande får beskjed

Avdelinga sender no ut informasjon til dei fødande som normalt sett skulle føde i Molde denne perioden, at dei får tilbod om fødsel ved Kristiansund sjukehus.

Barselavdelinga ved Molde sjukehus vil i same periode vere bemanna heile døgnet med jordmor og barnepleier, og fødande som har født i Kristiansund eller Ålesund kan etter kort tid returnere til avdelinga i Molde for barselopphald.

Normal drift frå 2. januar

Gynekologisk poliklinikk (inkludert fødepoliklinikk) ved Molde sjukehus vil vere i normal drift i perioden, men gynekologiske pasientar med behov for ø-hjelp vil bli behandla i Ålesund eller Kristiansund.

Frå 2.januar 2018 kl 08.00 vil avdelinga ved Molde sjukehus vere tilbake i normal drift. Meir informasjon om fødetilbodet i Helse Møre og Romsdal finn du på www.helse-mr.no.