Førehandsrøysting ved sjukehusa til stortingsvalet 2017
11. september er det stortingsval. Valgsekretariata i kommunane sørger for at pasientar og tilsette kan førehandsrøyste ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal.
Publisert 21.08.2017

Her kan ein røyste:
Molde sjukehus
Tid og stad: 24. august kl 11-14 i festsalen. Valsekretariatet går også rundt til avdelingane ved behov.
Kristiansund sjukehus
Tid og stad: 4. september frå kl 12. Valsekretariatet vil gå rundt på avdelingane.
Ålesund sjukehus
Tid og stad: 4. – 7. september kl 11 (12) – 16 i hovudvestibylen. Valsekretariatet går også rundt til avdelingane ved behov.
Volda sjukehus
Tid og stad:
5. september kl 9.30 - 10.30 ved DPS Volda. Meld deg ved inngangen.
7. september kl 13.15-15.00. Møterom i kjellaren ved Volda sjukehus.