Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forprosjektet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal leggast fram for styret

Ein ny milepæl er nådd i realiseringa av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). I dag får styret i Helse Møre og Romsdal tilsendt styresaken kor adm.dir. Espen Remme i sitt forslag til vedtak ber styret om å godkjenne forprosjektet slik at gjennomføringsfasen kan starte i 2018.

Publisert 22.11.2017
Sist oppdatert 23.11.2017
Felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal

- Sjukehuset Nordmøre og Romsdal vil gje innbyggjarande eit framtidsretta og godt tilbod. Dei faglege ambisjonane for SNR er høge både for akuttsjukehuset på Hjelset og for spesialisthelsetenestetilbodet som skal vere i det  distriktsmedisinsk senteret i Kristiansund, seier Remme.

Les forprosjektrapporten her

Felles akuttsjukehus på Hjelset

DMS i Kristiansund

Innhald i forprosjektet

Målet med forprosjektfasen har vore å bearbeide det valte konseptet til eit nivå, slik at ein kan fatte endeleg avgjerd om å bygge. I forprosjektet har det vore gjennomført fleire møteseriar der arkitektar og sjukehusplanleggjarar saman med tolv funksjonsgrupper, fem temagrupper, tillitsvalte, verneteneste og brukarrepresentantar har utarbeid romfunksjonsprogram, utstyrsprogram og arbeidd med plassering av alle rom og funksjoner i forhold til kvarandre.

- Eg vil rette ein takk og gje ros til dei om lag 150 tilsette i Helse Møre og Romsdal har medverka direkte i planleggingsmøta i forprosjektet. Saman med brukarrepresentantane har dei gitt særs verdifulle bidrag til utviklinga av SNR, seier Remme.

Kantine ved fellessjukehuset
Inngang ved DMSet

Har økonomisk bæreevne

Oppdatert rapport for økonomisk bæreevne viser at HMR har bæreevne for SNR med dei føresetnadane som ligg til grunn. Rapporten viser samstundes at bæreevna har svekka seg frå rapporten som blei lagt fram i 2016, noko som mellom anna skuldast låg effektivisering i 2016 og i 2017 i høve til føresetnadane.

Helse Møre og Romsdal har store utfordringar i forhold til lite hensiktsmessig bygningsmasse, høg alder på det medisintekniske utstyret og doble vaktordningar som følgje av at drifta er spreidd på fleire stader. SNR er ein føresetnad for å kunne omstille store delar av drifta i Nordmøre og Romsdal og sikre betre pasientbehandling og ressursutnytting.

- Vi er i en krevjande økonomisk situasjon og det vil vere avgjerande å lukkast med omstillingsarbeid og kostnadskontroll i perioden fram til ferdigstilling av SNR for at HMR skal sikre ordinær drift og andre investeringsbehov, avsluttar Remme.