Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Går for byggevedtak for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)

Styret i Helse Møre og Romsdal er samstemte. Dei godkjenner forprosjektet og ber styret i Helse Midt-Noreg om å fatte byggevedtak for SNR.

Publisert 29.11.2017
Sist oppdatert 30.11.2017
Nytt felles akuttsjukehus på Hjelset

- Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er ein viktig del av løysinga for å betre pasienttilbodet og økonomien i heile Helse Møre og Romsdal. SNR vil auke kvaliteten på tenestene, det vil bidra til meir effektiv drift, det vil sikre rekruttering og SNR vil leggje til rette for samhandling med kommunane, var bodskapen frå styreleiar Stein Kinserdal.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Espen Remme, adm.dir. i HMR, Stein Kinserdal, styreleiar, Gunn Fredriksen, Mikal Gjellan, Svein Anders Grimstad, Ingrid Løset, brukarrepresentant, Jan Arve Antonsen, Petter Bjørdal, nestleiar, Kirsti Slotsvik og Anette Lekve

Har økonomisk bæreevne

Under styremøtet blei det orientert om den oppdaterte bæreevnerapporten som viser at HMR har bæreevne for SNR med dei føresetnadane som ligg til grunn, men bæreevna er svekka sidan 2016. 

Styremedlemmar uttrykte uro knytt til tiltaka i budsjettet

- Vi er i en krevjande økonomisk situasjon og det vil vere avgjerande å lukkast med omstillingsarbeid og kostnadskontroll i perioden fram til ferdigstilling av SNR for at HMR skal sikre ordinær drift og andre investeringsbehov, sa adm.dir. Espen Remme.

 

Inngang til DMS i Kristiansund

Kantine ved akuttsjukehuset

 

Stort behov for SNR

Remme påpeikte i møtet at Helse Møre og Romsdal har store utfordringar knytt til lite hensiktsmessig bygningsmasse, høg alder på det medisintekniske utstyret og doble vaktordningar som følgje av at drifta er spreidd på fleire stader. SNR er ein føresetnad for å kunne omstille store delar av drifta i Nordmøre og Romsdal og sikre betre pasientbehandling og ressursutnytting.

Nestleiar, Petter Bjørdal var blant dei som ytra tillit til at tiltaka kjem til å sikre betre kostnadskontroll.

 - Eg har tillit til det som blir presentert. SNR er ein del av løysinga på våre økonomiske utfordringar og eg trur tydelegare leiing og struktur vil bidra til at vi lukkast med gjennomføringa av nødvendige tiltak i HMR, sa Bjørdal.

- Dette er ein stor dag for HMR og særleg for befolkninga i Nordmøre og Romsdal og eg håper at vi lukkast med å få til dette, sa brukarrepresentant i styret Ingrid Løset.

Styret i Helse Midt-Noreg behandlar forprosjeket i sitt styremøte 7.desember i år.

Om forprosjektet

I forprosjektet har ein arbeidd vidare med løysingane valt i konseptfasen slik at ein kan fatte endeleg avgjerd om å bygge. I forprosjektet har sjukehusplanleggjarar saman med arkitektar og tolv funksjonsgrupper, fem temagrupper, tillitsvalte, verneteneste og brukarrepresentantar utarbeidd romfunksjonsprogram, utstyrsprogram, samt arbeidd med plassering av alle rom og funksjonar i forhold til kvarandre.

Les forprosjektrapporten her