Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Halverte akuttinnleggingar i psykiatrien

Torsdag ble seksjonsleiar Jo Volle heidra med den gjeve leiarprisen i pasientsikkerheit av helseminister Bent Høie.

Publisert 11.05.2017
Sist oppdatert 03.10.2017
En gruppe mennesker som holder blomster
F.v: Anne-Grete Skjellanger (Leiar i pasientsikkerheitsprogrammet), helsedirektør Bjørn Guldvog, seksjonsleiar Jo Volle frå DPS Ålesund, Martin Veland frå Lovisenberg Diakonale sjukehus, Elin Haug Nygård frå Oppsalhjemmet og helseminister Bent Høie.

Volle, som held til i Ålesund, fekk prisen for sitt arbeid med bruk av ambulante tenester i psykiatrien.

– Det handlar fyrst og fremst om at vi har klart å få til ei dreiing frå bruk av institusjon til bruk av heimetenester i spesialisthelsetjenesten. Så i staden for å legge inn folk, behandlar vi dei heime. Med det har vi klart å redusere talet på innleggingar, noko som har vore ein varig effekt, seier Volle som har jobba 16 år i helseføretaket.

– Stolt og glad

Volle og gjengen hans har no drøyt sju års fartstid med bruk av ambulante tenester i akuttpsykiatrien.

Og resultatet er at ein har halvert talet på akuttinnleggingar i Ålesund.

– Det gjer meg stolt og glad at arbeidet vårt med pasienttryggleik innan psykiatrien får nasjonal merksemd. Her lukkast ein med å gi god behandling samtidig som ein gjer kvardagen enklare for ei allerede sårbar pasientgruppe, seier Espen Remme, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Prisdryss i psykiatrien

Prisen blei utdelt i anledning Helsekonferansen på Gardermoen torsdag, og Volle delte prisen med klinikksjef Martin Velland på Lovisenberg Diakonale Sykehus og Elin Haug Nygård frå Oppsalhjemmet.

Velland fekk utmerkinga for å ha klart å redusere bruken av tvangsmiddel med over 80 prosent og halde resultatet over tid.

Juryen skriv at:

Velland og Volle har imponert med å bruke fagkunnskap på ein modig og nyskapande måte. Begge prisvinnarane har arbeidd med prosjekt som handlar om temaer med komplekse årsakssamanhenger - der det er vanskeleg å måle effekt av tiltaka. Men dette er ofte verkelegheita for leiarar i helsetenesta. Ein må tørre å ta fatt i utfordringar og problem som ikkje alltid er like entydige, og der utfallet er usikkert med stort rom for tolkingar.

Juryen bestod av: Anne-Grete Skjellanger (leiar av pasientsikkerheitsprogrammet), Barthold Vonen (direktør Seksjon for klinisk dokumentasjon og evaluering), Anne-Lise Kristensen (pasient- og brukarombud i Oslo og Akershus), Geir Sverre Braut frå Helse Stavanger, Anne-Berit Schelbred (kvalitetsrådgivar i Sjukehuset Vestfold),  Jon Helle (visepresident i Legeforeninga) og Janicke Stordalen (fjorårets vinnar og seksjonsleiar ved Sjukehuset Telemark).