Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Møre og Romsdal er sikta i Sebastian-saka

Helse Møre og Romsdal HF har mottatt ei sikting frå Politimesteren i Møre og Romsdal i samband med Sebastian-saka. Grunnlag for siktinga er at mangelfull organisering av verksemda førte til at det ikkje blei sørga for forsvarleg helsehjelp.

Publisert 15.02.2017
Sist oppdatert 10.08.2017

​- Vi har mottatt siktinga frå Politiet i denne alvorlege saka. Dette er noko vi var førebudd på, og vi avventar vidare oppfølging frå Statsadvokaten. Samstundes arbeider vi vidare med tiltak og læringspunkt som blei lagt fram for styret i januarmøtet, seier adm.dir. Espen Remme.


Politimesteren i Møre og Romsdal har sendt over saka til Statsadvokaten som avgjer om det skal takast ut tiltale.


Fakta i saka

I desember 2016 kom sluttrapporten frå Statens helsetilsyn i Sebastian-saka der tilsynet kom fram til at det låg føre forhold som tilsa at dei anbefalte påtalemyndigheitene å ilegge føretaksstraff mot Helse Møre og Romsdal HF. Det blei lagt vekt på at helseføretaket skulle hatt større merksemd rundt det heilheitlege risikobildet i samband med organiseringa av 5-døgnsdrifta av barne- og ungdomsavdelinga i Kristiansund.


Styret i HMR behandla rapporten i styremøte den 25. januar 2017 (les saken her), og sendte deretter svar til Helsetilsynet. Sidan våren 2015 har barne- og ungdomsavdelinga i Kristiansund vore open sju dagar i veka, med mindre kapasitet i helgane. Avdelinga er stengt i påske- og sommarferien. I infeksjonssesongen har helseføretaket styrka sjukepleiarbemanninga på dagtid i helgane.


I planlegginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er det sagt at akuttsjukehuset skal ta imot barn og unge både til poliklinikk og dagbehandling, og for innlegging av akutt sjukdom og forverring av kronisk sjukdom. I den videre planleggingen i forprosjektet i 2017 skal tilbudet til barn utformes og konkretiseres nærmere, blant annet for å sikre god skjerming og annen spesiell tilrettelegging for pasientgruppa. Tilbudet skal planlegges etter forskrift om behandling av barn i sjukehus.