Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helseføretaket vedtek førelegg i Sebastian-saka

Helse Møre og Romsdal er ilagt eit førelegg på 500.000 kroner i samband med Sebastian-saka.

Publisert 10.08.2017

Statsadvokaten tok ut tiltale mot helseføretaket etter Helsetilsynet sin endelege rapport i saka.

– Dette er ei vond og vanskeleg sak for alle partar. Som helsetilsynsrapporten peikte på var det fleire involverte partar og forhold som førte til hendinga. Helseføretaket er oppteken av å sjå framover og lære av rapporten frå Helsetilsynet i desember 2016, og vedtek førelegget, seier Espen Remme, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Les også: Helse Møre og Romsdal er sikta i Sebastian-saka

Les også: Helsetilsynet la i dag fram Sebastian-rapporten

Tiltak og læringspunkt

– I etterkant av hendinga har Helse Møre og Romsdal arbeidd  med tiltak og læringspunkt. Nokre av desse blei lagt fram for styret i januar 2017, seier Remme.

Mellom anna har barne- og ungdomseininga i Kristiansund sidan våren 2015 vore open sju dagar i veka, men med mindre kapasitet i helgane. I infeksjonssesongen har sjukepleiarbemanninga blitt styrka på dagtid i helgane. Prosedyren om Akutt sjukt barn/ungdom blei utarbeidd våren 2014, og er revidert i 2016. I tillegg er to nye overordna prosedyrar gjeldande frå juni 2017; Transport av kritisk sjuke pasientar og Stabilisering av kritisk sjuke pasientar i påvente av transport.

Fakta

I desember 2016 kom sluttrapporten frå Statens helsetilsyn i Sebastian-saka der fleire partar fekk kritikk. Tilsynet kom fram til at det låg føre forhold som tilsa at dei anbefalte påtalemyndigheitene å ilegge føretaksstraff mot Helse Møre og Romsdal. Det blei lagt vekt på at helseføretaket skulle hatt større merksemd rundt det heilheitlege risikobildet i samband med organiseringa av 5-døgnsdrifta av barne- og ungdomsavdelinga i Kristiansund.

Utvikling av barnetilbodet i Helse Møre og Romsdal

  • Helse Møre og Romsdal (HMR) vidareutviklar tilbodet til barn og ungdom som ein del av arbeidet med Utviklingsplanen for føretaket.
  • I mars 2017 oppretta HMR ei arbeidsgruppe som skal evaluere driftsmodellen i Kristiansund og gi råd om korleis ein i framtida kan organisere det pediatriske tilbodet i helseføretaket generelt og for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) spesielt.
  • I dag er SNR planlagt med poliklinikk, dag- og døgntilbod som skal oppfylle forskrift om behandling av barn i sjukehus.