Høgtideleg opning av Klinisk Forskingspost og Biobank1

- Etablering av Klinisk forskingspost er eit viktig steg i arbeidet for auka tryggleik og kvalitet for pasientane i arbeidet vi gjer, sa administrerande direktør Espen Remme under opninga.

Espen Remme fekk hjelp av studiedeltakar Marit Klakken til å klippe snora under opninga. Klinisk Forskingspost (KFP) skal bidra med praktisk og fagleg støtte til forskarar ved sjukehusa i HMR.

- Å ta med det kunnskapsbaserte arbeidet inn i den kliniske kvardagen er avgjerande for kvaliteten på behandlinga. Det er pasientane vi er til for og etablering av Klinisk forskingspost er eit viktig steg i arbeidet for auka tryggleik og kvalitet for pasientane i arbeidet vi gjer, sa Espen Remme, administrerande direktør då han med hjelp av ein studiedeltakar klipte snora og erklærte Klinisk Forskingpost/Biobank1 for opna.

32 ph.d-kandidatar

I talen sin understreka Remme at forsking er ei av kjerneoppgåvene til Helseføretaket, og at forsking også er med på å bringe det vi arbeider med i kvardagen framover.

- Vi har så mange framifrå medarbeidarar og forskarar. Vi er lovpålagt å drive med forsking, men dagen i dag viser at vi ligg langt føre  lova. HMR har 32 ph.d-kandidatar i arbeid og forskingsaktiviteten i HMR har både eit nasjonalt og internasjonalt grensesnitt, sa Remme.

Gevinst for pasienten

- Det er vist at deltaking i forskingsstudiar aukar talet på overlevande, blant anna innan kreftforsking. Det er ein klar samanheng mellom kvalitet på forsking og kvalitet på pasientbehandlinga. Ved å opprette Forskingsposten vert det enklare å vere pasient og deltakar i studiar, seier Jo-Åsmund Lund, fagdirektør i HMR.

- Etableringa bidrar til at ny praksis vil kunne implementerast raskare, og til innovasjon- og næringsutvikling, seier Øyvind Børslid Hope, seniorrådgjevar, Helse Midt-Norge RHF.

Etterlengta tilbod blant tilsette

Forskingssjef Berit K. Teige peika på vi no har fått eit langt betre utgangspunkt for å utvikle og utvide forskinga
- Dette er ein fantastisk dag for forskarar i Helse Møre og Romsdal og opnar for fleire samarbeidspartar, for eksempel frå næringsliv og legemiddelindustri, som no kan utføre forskinga si lokalt. Dette er og ein fordel for pasienten,  sidan behandlinga ville kunne gå føre seg nærare der pasienten bur, seier Teige.

Klinikksjef Torstein Hole trakk fram korleis arbeidssituasjonen for forskarane i føretaket har vore til no og viste til det gode arbeidet som vert gjort av studiesjukepleiarane:

- Det skal bli godt å sleppe å leite etter kontor, maskin, utstyr,  -og å finne nokon som kan hjelpe: No slepp tilsette å springe rundt – kompetansen er her, utstyret er her. Både planlegging og gjennomføring av studia har potensiale til å få ein heilt anna kvalitet. Dette er noko vi skal satse på, samarbeidet med Legemiddelindustrien er viktig og i fellesskap skal vi løfte oss. Klinisk Forskingspost har allereie mannskap på plass og har begynt å ta inn pasientar, dette er eit viktig steg for å nå måla våre, seier Hole. 

- Dei to første måla er på plass; dei tilsette og arealet. No startar jobben med å utvikle det tredje målet; å forma eininga slik at den fungerer best mogleg for alle involverte, seier overlege og fagleg ansvarleg Dag Arne Lihaug Hoff.

Dei tilsette ved Klinisk Forskingspost: f.v Synnøve Herje, Elisabeth Tennøy Bjerkan, Synnøve Yksnøy og Dag Arne Lihaug Hoff
Dei tilsette ved Klinisk Forskingspost: f.v Synnøve Herje, Elisabeth Tennøy Bjerkan, Synnøve Yksnøy og Dag Arne Lihaug Hoff

Klinisk forskingspost:

  • Legg til rette for kliniske studiar med utspring i lokale kliniske miljø frå alle sjukehusa i Helse Møre og Romsdal
  • Viss du planlegg ein klinisk studie og treng hjelp til planlegging, gjennomføring og avslutting, ta kontakt med oss her