Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

I mål med manuell teljing i psykiatrien

I februar i år fekk alle helseføretak i landet pålegg frå Helse- og omsorgsdepartementet å gjere ei manuell teljing av alle vedtak tvangsvedtak for årene 2014 og 2015, og å rapportere inn desse innan 1. april. I ettermiddag sendte klinikksjef Ketil Gaupset dei ferske tala til Helse Midt-Norge, saman med ein plan for korleis klinikken arbeider for å få riktig og redusert bruk av tvang, og riktig registrering.

Publisert 31.03.2017

– Den manuelle teljinga gir mykje kunnskap om korleis vi kan få meir standardisert praksis på eigen registrering, seier Gaupset.

Kva ligg i tala

Sidan februar har dei tilsette gjennomført ei grundig manuell teljing av tvangsvedtak. Tala viser vedtak etter §4-8 i Lov om psykisk helsevern, fordelt på dei ulike tvangsmidla.

– Bruk av tvang er ein sterk inngripen ovanfor enkeltmenneske, men i nokre situasjonar er det diverre nødvendig. Det er vårt ansvar å handtere dette på ein forsvarleg og respektfull måte, seier Gaupset som er klinikksjef for psykisk helse og rus.

– Vi ser at det har vore ulik praksis for korleis vedtaka blir ført i seksjonane, og derfor må ein vere varsam i samanlikninga av tala, legg Gaupset til.

Tvangsvedtak blir dokumentert i tre system, både i det pasientadministrative systemet (PAS), pasienten sin eigen journal og i den manuelle tvangsprotokollen. Dei nasjonale tala blir henta frå det pasientadministrative systemet (PAS).

– Alle tvangsvedtak er no kvalitetssikra og samstemt mellom desse tre systema, og vi har registret avvik i tilfella der registreringane  ikkje har vore like. Avvika blir følgd opp med tiltak for å sikre riktig dokumentasjon i ettertid, seier Gaupset.

 

Klikk på tabellen for større versjon (pdf)
Klikk på tabellen for større versjon (pdf)

 

Plan for riktig og redusert bruk av tvang

Klinikken går no inn i tala og vil også sjå dei opp mot bruk av tvang i andre helseføretak, med tanke på kva ein kan lære. Samstundes er det sett i gang tiltak ut frå undersøkingar internt og tilbakemeldingar frå tilsette. Eit tiltak er å gjennomføre opplæring i terapeutisk aggresjonsmestring og eit anna er å ha ein «debrief» for dei tilsette etter bruk av tvangsmiddel.

Tiltaka er også inkludert i helseføretaket sin plan for riktig og redusert bruk av tvang som blei sendt over til Helse Midt-Norge i ettermiddag. Planen seier noko om kva tiltak som er sett i verk og som skal gjennomførast for å sikre riktig og redusert bruk av tvang, og for å sikre riktig registrering av tvangsbruken.

Les planen her.

Les også: Stort engasjement for riktig bruk av tvang i psykisk helsevern


Bakgrunnsinformasjon - tvang i psykiatrien

Når blir det brukt tvang?

Innan psykisk helsevern er bruken av tvangsmiddel eit ekstraordinært tiltak i helsehjelpa. Det kan berre bli brukt når det er heilt nødvendig for å hindre pasienten i å skade seg sjølv eller andre, eller for å unngå betydeleg skade på bygningar og inventar, når andre middel har vist seg å vere utilstrekkelege.

Kven gjer vedtak om bruk av tvang?

Ein lege som er spesialist i psykiatri eller ein klinisk psykolog med vedtakskompetanse har det faglege ansvaret for tvangsvedtak.

Ulike typar tvang

Mekaniske tvangsmiddel blir brukt for å hindre pasienten sin moglegheit til å bevege seg fritt, inkludert belte, reimer samt skadeførebyggande spesialklede (førebyggande spesialklede blir ikkje nytta i HMR).

I tillegg til mekaniske tvangsmidlar er det heimel for å nytte følgjande tvangsmiddel:

  • Kortvarig plassering bak låst eller stengt dør utan personale til stades (dette blir ikkje brukt i HMR)
  • Enkeltståande bruk av korttidsverkande legemidlar i beroligande eller bedøvande hensikt
  • Kortvarig fasthalding

Bruken av mekaniske tvangsmiddel blir påverka av bruken av andre tvangsmiddel. Mykje bruk av ein type tvangsmiddel kan føre til mindre bruk av anna tvangsmiddel. Ein annan viktig faktor er dei tilsette sin kompetanse, erfaring og kulturen på den enkelte seksjon. Utforming av bygget er også ein faktor, og alvorleg sjuke pasientar treng nok areal rundt seg.

Korleis blir bruk av tvang dokumentert?

Registrering av tvangsvedtak blir gjort i tre ulike system:

  • Manuelle tvangsprotokollar. Her blir vedtaket ført for hand. Protokollane blir nytta av kontrollkommisjonen i kontrollen av vedtaka som blir fatta.
  • Pasientadministrativt system. Blir blant anna brukt for å rapportere til sentrale myndigheiter.
  • Pasienten sin elektroniske journal. I journalen blir det dokumentert kva pasienten har fått av utgreiing og behandling, inkludert dokumentasjon av tvang.