Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

La frem tre moglege modeller

Torsdag var det innspelskonferanse for det framtidige barnemedisinske tilbodet i Helse Møre og Romsdal.

Publisert 14.09.2017
Sist oppdatert 22.09.2017
Barnepediatrigruppa i Helsee Møre og Romsdal
Barnepediatrigruppa som utreder den framtidige organiseringa av det barnemedisinske tilbodet i Helse Møre og Romsdal.

​Leiar for pediatrigruppa, Marianne Nordhov, la torsdag fram tre moglege modellar for organisering av det framtidige barnemedisinske tilbodet i HMR.

Innspelskonferanse

Modellane blei presentert i Kristiansund under innspelskonferansen der deltakarar frå mellom anna kommunar, regionråd, brukarutval og kvalitetssikrerar kunne gi innspel på kva fordelar og ulemper dei ser ved modellane. 

Først ut var to pårørande til sjuke barn som delte sine sterke historier med deltakarane. Deretter ga Nordhov, som sjølv er barnelege, ein status på kvar arbeidet står i dag - cirka to veker før gruppa skal legge fram si anbefaling.

- Vi ønskjer no innspel på dei tre modellane som er skissert, og vil ta med oss innspela inn i gruppa, sa Nordhov  som opplev at gruppa ho er satt til å leie representerer både fylket og fagfeltet godt.

 

Inger Karin Steinveg og Ellen Marie Langnes
Inger Karin Steinveg og Ellen Marie Langnes delte sterke historier som pårørande.

 

God involvering

- Vi har hatt ei brei involvering der vi har besøkt begge avdelingane, hatt samtalar med tilsette, leiargrupper og ulike fagmiljø. Samstundes har vi hatt ein stor jobb med å systematisere bakgrunnsdata og all informasjon som er kome inn, sa Nordhov.

Før Nordhov la fram modellane gikk ho gjennom dagens driftsmodell, tal fødslar, døgnopphald, pasientstraumar, anestesiberedskap, ambulanseressursar og befolkningsvekst.

 

Leiar for pediatrigruppa, Marianne Nordhov
Leiar for pediatrigruppa, Marianne Nordhov

 

Modellane som blei presentert var i korte trekk slik:

Les presentasjonen til Nordhov her.

Modell A
• Døgntilbod (med eller utan sommarstenging) og barnelege i døgnvakt i SNR (kvilande vakt delar av døgnet i henhold til aktivitet og behov).
• Barnesenger: X antall senger for barn og unge med medisinske, kir-, ortopediske- og ØNH tilstander
• Poliklinikk og dagbehandling: 1 – 2 dagar med utvida opningstid ut frå dimensjonert behov
• Poliklinikk og visse typar dagbehandling ved DMS Kristiansund 1-2 dagar i veka
• Nyfødde: barnelege vil ta imot og stabiliserer sjuke nyfødde før overflytting til nyfødt intensiv i Ålesund, og gjere barselundersøkingar
• Akuttmedisinsk beredskap: barnelege i vakt stabiliserer dårlege barn saman med anestesilege før overflytting til høgre behandlingsnivå (Ålesund eller St.Olav)
• Habiliteringseiniga for barn og unge blir flytta til Hjelset / SNR, men kan bruke fasiliteter ved DMS ved evt. ambulering
• Ved sengepost barn og ungdom i Ålesund blir det forutsett drift som i dag.

Modell B
• Samlar alle barn med pediatriske tilstander i Ålesund
• Barnelege(r) er tilstade på dagtid, gjer barselundersøking, har tilsyn på barnesengane og gjer ø-hjelp vurderingar på dagtid.
• Barnesenger: x antall senger for pasienter 0-18 år med kir-, ortopediske- og ØNH tilstander.
• Poliklinikk og dagbehandling: 1 – 2 dager med utvidet åpningstid utfra dimensjonert behov
o Poliklinikk og visse typer dagbehandling ved DMS Kristiansund 1-2 dager i uken
• Anestesilege håndterer syke nyfødte og andre syke barn sammen med lege på hhv medisinsk eller kirurgisk avdeling inntil overflytting til høyere behandlingsnivå (Ålesund eller St.Olav)
• Habiliteringseiniga for barn og unge blir flytta til Hjelset / SNR, men kan bruke fasilitetar ved DMS ved evt. ambulering

Modell C
• Alle barn med behov for innlegging blir samla i Ålesund
• SNR: Poliklinikk og dagbehandling utan døgnsenger 5 dagar i veka, der 1 – 2 dagar er med utvida åpningstid etter dimensjonert behov
o poliklinikk ved DMS Kristiansund tilpassa pasienten sitt behov
• Barnelege vil gjere ø-hjelp vurderingar på dagtid og barselundersøkingar
• Anestesilege handterer sjuke nyfødde og andre sjuke barn saman med primærvakt på medisin eller kirurgisk avdeling inntil overflytting til høgre behandlingsnivå (Ålesund eller St.Olav)
• Innlegging av barn i voksenavdeling på rom tilpassa barn om det ikkje er mogleg å overflytte
• Habiliteringseiniga for barn og unge flyttes til Hjelset / SNR, men kan bruke fasiliteter ved DMS ved ambulering 
• Arbeidsgruppa ser for seg to variantar av denne modellen:
       o C1: Med kirurgi til barn (Auge, ØNH, annen lett kirurgi) 
       o C2: All kirurgi til barn sentralisert til Ålesund

Modell A trekt fram

Etter diskusjonar rundt dei fire borda la gruppene fram kva fordelar og ulemper dei såg ved modellane. I etterkant av plenumsdiskusjonen var inntrykket i hovudsak at gruppene såg flest fordelar med modell A.

Innspela frå gruppene blei samla inn og skal handterast vidare av pediatrigruppa.

Tidsplan framover

Arbeidsgruppa skal levere inn si anbefaling den 1. oktober og ROS-analysen skal vere klar den 14. oktober. Helseføretaket planlegg deretter å legge fram saka for styret i Helse Møre og Romsdal den 25. oktober.

- Forhistoria og erfaringane våre viser at det er viktig å gjere eit heilheitleg og grundig arbeid i planlegginga av det barnemedisinske tilbodet vi skal ha i fylket. Under dialogmøtet med kommunane i juni blei vi einige om at dei skulle få gi innspel til pediatrigruppa før dei konkluderte, og derfor er vi her i dag, sa Espen Remme.

PwC skal gjennomføre ROS-analysen av arbeidet til pediatrigruppa, og dei sto også for møteleiinga under innspelskonferansen i Kristiansund.

Les også: Leiar for arbeidet med det barnemedisinske tilbodet er klar.

Om pediatrigruppa og oppdraget

I mai blei det satt ned ei breitt samansett og kompetent arbeidsgruppe som skal evaluere driftsmodellen i Kristiansund og gi råd om korleis ein i framtida kan organisere det barnemedisinske tilbodet i helseføretaket generelt og for SNR spesielt. Leiar for gruppa er Marianne Nordhov som er pediater frå Universitetssykehuset Nord-Norge, i tillegg er det med pediatrar frå Sykehuset Innlandet og St. Olavs hospital og fagpersonar frå eige fagmiljø i HMR. Gruppa skal levere sitt arbeid og si anbefaling innan 1. oktober i haust.