Legg fram intern rapport om bruk av tvang

Helse Møre og Romsdal har ikkje gode nok rutinar og praksis ved bruk av tvang innan psykisk helsevern, det visar ein intern gjennomgang. Bruken av tvang er likevel vesentleg mindre enn det som VG presenterte i desember 2016.

 

- Oppgåva vår er sikre pasientane våre eit best mogleg tilbod der bruken av tvang skal skje på ein god og riktig måte og berre når det er naudsynt. Derfor ser vi svært alvorleg på det som er avdekt og vi har allereie starta arbeidet med kortsiktige tiltak. Fleire av tiltaka går på å legge forholda betre til rette for tilsette slik at dei kan få behandle pasientane på best mogleg vis, seier adm.dir. i Helse Møre og Romsdal Espen Remme.

Les rapporten her

Funn frå risikoanalysane

Analysegruppa har gått gjennom tvangsprotokollar, pasientjournalar, prosedyrar og retningslinjer og har i tillegg intervjua tilsette i Ålesund og Molde.  Blant funna finn ein at:

• Mediantida på ei beltelegging i HMR er på seks timar og gjennomsnittleg tid på ei beltelegging er tolv timar.
• Tilsette med vedtakskompetanse ikkje er fysisk tilstade i situasjonen når vurderingane av tvang mot ein pasient blir fatta. Det kan føre til feil bruk av tvang og gå utover pasientane.
• Føretaket ikkje sikrar god nok læring etter hendingar og at det manglar program kor tilsette får systematisk trening i terapeutisk aggresjonsmestring.

Tala på beltelegging skil seg vesentleg frå dei som VG presenterte i sine mediesaker i desember 2016. Då opplyste dei at mediantida for ei beltelegging i HMR var tolv timar og at gjennomsnittstida var tjuefire timar. 

- VG har ikkje hatt tilgang på pasientjournalane i sin gjennomgang av tvangsprotokollane og har derfor ikkje klart å lese at det har vore nye tiltak kor pasienten har vore teken inn og ut av tvang fleire gonger over ein tidsperiode. Ved berre å lese tvangsprotokollane så ser det ut som om pasienten har hatt ein samanhengande periode under tvang, men journalen beskriv at det dreier seg om fleire korte opphald i tidsrommet, seier Remme.

Fleire tiltak

I styresaka som skal opp til behandling neste veke legg føretaket fram forslag om ein rekkje tiltak som skal betre situasjonen. Nokre av tiltaka er strakstiltak som allereie er sett i gang og andre er langsiktige tiltak for å rette opp i situasjonen.  

- Gjennomgangen har vore svært viktig for å få oversikt og kunnskap om korleis føretaket handterer bruk av tvang. Vi vil sikre tett oppfølging av arbeidet som er sett i gang slik at vi sikrar god pasientbehandling og gode arbeidsforhold for dei tilsette, seier Remme.