Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lungeseksjonen er førebilete i arbeidet med ventetider

Lungeseksjonen ved sjukehuset i Ålesund fekk ros da helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkte sjukehuset. Høie fekk mellom anna høyre korleis tilsette gjennom systematisk arbeid har greidd å redusere ventetida for pasientane kraftig.

Guri Viken
Publisert 03.07.2017
Sist oppdatert 03.10.2017
Kjetil Roth blir intervjua av NRK

- Sidan januar 2014 og fram til januar 2017 har vi redusert gjennomsnittleg ventetida med 99 dagar. Det er vi veldig stolte av fortalte seksjonsoverlege Kjetil Roth ved lungeseksjonen ved Ålesund sjukehus.

Lange ventetider

Tidlegare sleit seksjonen med at mange pasientar venta unødig lenge på å få time til spesialist. Seksjonen hadde ein praksis kor dei kalla inn pasientar i forhold til kva frist for helsehjelp som gjaldt. Hadde pasienten ein frist på seks månader for å få time, så blei ikkje pasienten kalla inn før om eit halvt år.

- Vi bestemte oss for å slutte å fokusere på fristen for helsehjelp. I staden etablerte vi ein ny praksis der vi sette intern hastegrad innan 3-4 veker for pasientar som skulle vente lengst. For pasientar som det hasta meg å få innkalla, gjaldt fristen som tidlegare, forklarte Roth.

En gruppe mennesker som sitter rundt et bord

Store endringar i praksis

For å handtere endringane blei ein rekkje tiltak innført:

- Latent tuberkulose blei handtert av ein infeksjonsmedisinar
- Ålesund lungeklinikk tok nokre tilvisingar og kontrollar
- Innleidd lungelegevikar frå Trondheim
- Kveldspoliklinikken tok nokre av toppane
- Auka bruk av LIS-legar ga auka kapasitet

For å auke kapasiteten la i tillegg mellom anna seksjonen om pasientforløpet for søvnapné-pasientar:

- Sjukepleiar overtok delar av legejobben. Dei tok opp strukturert intervju med pasienten og gjennomførte spirometri og polygrafi.
- Manuell tolking av polygrafi av overlege ved lungeseksjonen etter arbeidstid.
- Indikasjon for CPAP blei sett av overlege. Om søvnapne ikkje blei påvist så fekk pasienten berre eit brev. Ved indikasjon for CPAP fekk pasienten time hos LIS og sjukepleiar for tilpassing.

- Endringa ga oss ei kraftig  auke  i kapasitet og frigjorde tid til arbeid for overlege på dagtid.  Gjennomsnittlig ventetid ved lungepoliklinikken i januar i år var 29 dagar, noko vi er særs stolte av, sa Roth. 

Bør lære av Ålesund sjukehus

Høie roste arbeidet ved lungeseksjonen og oppmoda andre til å lære av Roth og hans kollegar.

- Eg er imponert over endringa dei har fått til og meiner at andre sjukehus bør kopiere modellen frå Ålesund, sa Høie. 

En gruppe mennesker som står utenfor en bygning