Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Noko redusert drift på Hjelset fram til 12.juni

Deler av alderpsykiatrisk avdeling på Hjelset må halde stengt inntil vidare. Bygget blei skadd da det oppstod brann onsdag føremiddag og fire sengeplassar er råka.

Publisert 01.06.2017
Alderspsykiatrisk avdeling på Hjelset
Avdelingssjef Berit Kalgraff

-Vi har sikra pasientane god oppfølging. Nokre pasientar er flytta til delar av bygget som ikkje er skadd av brannen og ein pasient er flytta til det distriktspsykiatriske senteret i Kristiansund, seier avdelingssjef Berit Kalgraff.

Berit Kalgraff
Fotograf: Torhild Kielland

Ho er glad for at brannen ikkje fekk meir alvorlege konsekvensar.

- Eg er veldig glad for at det gjekk så bra og eg vil takke tilsette for innsatsen deira under brannen. No skal vi gå gjennom det som har skjedd og sjå om det er noko vi kan lære av hendinga, seier Kalgraff.

Tilsette til sjukehus

16 tilsette blei utsett for røyk og var i går innlagt ved Molde sjukehus til observasjon. Kalgraff meldar om at alle var utskriven frå sjukehus kl.17.00 i går.

Poliklinikk open

Det polikliniske tilbodet på Hjelset er ikkje ramma av brannen og går som normalt.

Alderspsykiatrisk avdeling på Hjelset

Årsak til brannen

Brannen starta på kjøkkenet på Hjelset og politiet jobbar no med å kartleggje kva som var årsaka til hendinga.

- Oppryddinga etter brannen starta allereie i går ettermiddag. No vil dei sanere og reparere skadane og planen er at vi skal ta i bruk heile bygget igjen frå 12.juni, seier Kalgraff