Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nyttig dom over nye nettsider

«Dette var oversiktleg!» Tilbakemeldingane frå pasientar som har brukartesta sjukehusa sine nettsider er positive. Men det var også nokre lærepunkt for oss som vil gjere opplevinga på nett endå bedre.

Publisert 18.01.2017
Portrettbilde av testansvarleg, Vilda Breivyte Buhs i Direktoratet for e-helse.
Testansvarleg, Vilda Breivyte Buhs i Direktoratet for e-helse.

 «No som eg veit dette, kjem eg til å bruke det viss eg skal på sjukehuset», seier ein av pasientane om nettsidene han var med og testa i november. Også fastlegar har gitt sin dom.

Praktisk og behandlingsinfo i eitt

Frå 1. november 2016 har alle sjukehusa i landet nettsider med same oppbygning og navigasjon. Nettsidene tar utgangspunkt i pasientane sine behov for informasjon før, under og etter behandling, både informasjon om sjølve behandlinga, men også det praktiske rundt, for eksempel parkering, mattilbod og wifi.

Finn fort fram

Det er til saman tolv personar som har testa nettsidene i denne brukartesten. Det er nyttig å få innblikk i korleis ulike målgrupper bruker nettsidene.

- Resultata viser gjennomgåande at testpersonane finn fort fram på nettsidene. Dei liker godt konseptet rundt behandlingsprogram der ein kan lese om dei ulike delane av eit forløp, for eksempel om røntgen, å ta vevsprøve eller kirurgi, seier testansvarleg, Vilda Breivyte Buhs i Direktoratet for e-helse.

«Fint med folkeleg språk!»

Ho legg til at pasientar og pårørande liker godt at ventetidene kjem fram og at ein kan gå direkte til «Velg behandlingsstad» for å samanlikne ventetider ved ulike sjukehus. Også det tydelege og folkelege språket på nettsidene, set dei pris på.

Tydelegare søk

- Av ting vi må jobbe vidare med, viser brukartesten at det er behov for å tydeleggjere dei ulike typane søk, og å få bedre fram kva som er oppmøtestad for dei ulike behandlingane. Det er også behov for eit tydelegare skilje mellom lenker og overskrifter i eit behandlingsprogram, seier testansvarleg.

Positive på pasientane sine vegne

Fastlegane som var med i testen var positive til nettsidene på pasientane sine vegne. Men dei som bruker eigne system for tilvising og dokumentasjon, ønsker ikkje å bruke nettsidene til å finne behandlingsinformasjon. Denne vil dei heller ha i sine eigne system. “Dette er bra informasjon, men det er ikkje her eg vil ha den!”, sa ein av testpersonane.

Om brukartesten

  • Den første etter at alle sjukehusa i landet har fått like nettsider. Det vil kome fleire.
  • Testen blei utført både på mobil og pc.
  • Fire legar og åtte pasientar og pårørande deltok.
  • Desse sidene blei testa: Helse Bergen, Helse Stavanger, Vestre Viken ved Bærum sykehus, Kongsberg sykehus, Drammen sykehus, Oslo universitetssykehus ved Ullevål sykehus og Rikshospitalet, Akershus universitetssykehus, Sykehuset Østfold, St. Olavs Hospital, Sørlandet sykehus ved Arendal sykehus, Helse Møre og Romsdal v/ Ålesund sjukehus, Helgelandssykehuset.


Nettsidene er under utvikling, og vi jobbar stadig med å beskrive fleire behandlingar. Det at ei behandling ikkje er beskrive, betyr ikkje nødvendigvis at vi ikkje tilbyr den.

Har du tilbakemeldingar på nettsidene? Send ein e-post til info@helse-mr.no