Omfattande forskingsprosjekt starta i dag

Med BIOSTOP-studien starta Helse Møre og Romsdal sitt største forskingsprosjekt nokonsinne.

Publisert 08.05.2017
Sist oppdatert 09.05.2017
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
F.v forskingsrådgjevar Katarina Mølsæter, overlege Ingrid Prytz Berset, fagbioingeniør Synnøve Yksnøy, studiesjukepleiar Elisabeth Tennøy Bjerkan, overlege Dag Arne Lihaug Hoff og studiesjukepleiar Synnøve Herje ved Ålesund sjukehus.

Overlege i gastroenterologi, Ingrid Prytz Berset, ved sjukehuset i Ålesund skal forske på behandling av tarmbetennelsessjukdommen ulcerøs kolitt. Med seg på laget har ho klinisk forskingspost i Helse Møre og Romsdal.

Midlar frå Forskingsrådet

Tidlegare i år fekk dei, saman med 30 andre norske senter, tildelt 8,5 millioner kroner i støtte frå Forskingsrådet.

 - Slik behandlinga har vore til no har mange pasientar stått på langvarig behandling med immunhemmande medisinar sjølv om dei eigentleg er friske. Årsaken til dette er at ein ikkje har turt å stoppe behandlinga av frykt for tilbakefall av sjukdommen og risiko for tap av effekt ved gjenoppstart av dei immunhemmande medisinane. Vi tenker at det er viktig å finne ut om og når ein trygt kan avslutte denne behandlinga. Dette vil spare pasienten for stadige sjukehusbesøk og moglege biverknader, og samtidig gi enorme samfunnsinnsparingar, fortel Ingrid Prytz Berset.

200 pasientar

Mandag blei det heldt oppstartsmøte for forskingsprosjektet ved sjukehuset i Ålesund. 200 pasientar med diagnosen ulcerøs kolitt frå heile landet skal inkluderast i studien.

– Forskingsprosjektet BIOSTOP handlar i bunn og grunn om å stoppe behandling med TNF-hemmer, som er ein mykje brukt type immunhemmande medisin ved ulcerøs kolitt. Undersøkingar indikterer at det er trygt å stoppe behandlinga, og at den kan startast opp igjen med god verknad om dette er nødvendig. Målet med studien er å vise at denne behandlingsmetoden er like effektiv og trygg som den måten ein behandlar tilstandan på i dag.

Metode:

  • 200 pasientar deltar i studien. 
  • Berre pasientar som blir behanda med TNF-hemmar kan delta.        
  • Pasientane må ha brukt slik medisin i minst eitt år, og ha vore heilt sjukdomsfrie dei siste 3 månadane.
  • Etter at deltakarane er plukka ut, blir gruppa delt i to. Først blir pasientane grundig undersøkt og deretter vil ein stoppe behandlinga i  den eine gruppa og fortsette behandlinga i den andre. Kven som får kva behandling blir tilfeldig.
  • Begge gruppene blir følgt tett over to år og ved minste mistanke om tilbakefall vil pasientane bli undersøkt og behandling gjenoppstarta om nødvendig. 
  • Målet med studien er å vise at det går like bra med begge pasientgruppene. Undervegs i studien blir det tatt  ei rekke prøver frå avføring, tarmslimhinne og blod, for å finne fram til sjukdomsmarkørar som kan forutseie kva pasientar som  held seg friske utan TNF-hemmer behandling. 

Fakta om BIOSTOP:

• 200 pasientar, fordelt på 28 senter over heile Noreg deltar i studien
• Studien skal foregå inntil 6 år
• Oppstart  i april 2017
• Pasientgruppe: Dei har ulcerøs kolitt og brukar anti-TNF-behandling
• Nasjonal prosjektkoordinator : Ingrid Prytz Berset
• Prosjektsponsor: Helse Møre og Romsdal ved Dag Arne Lihaug Hoff
• Prosjektleiar: Professor Knut Lundin Universitetet i Oslo/Rikshospitalet

Prosjekteigar: Universitetet i Oslo, institutt for klinisk medisin og Helse Møre og Romsdal.