Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Opning av Pusterom nr. 15 i Norge

Onsdag den 15. februar var det interessante foredrag og hopp og sprett før snora blei klipt og opninga av Pusterommet i Kristiansund var ein realitet. No har kreftpasientar ved sjukehuset eit treningsrom og sosial arena, og ein instruktør med kompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

Publisert 17.02.2017
Sist oppdatert 21.02.2017
Pusterommet logo

– Ikkje gjer fysisk aktivitet meir komplisert enn det må vere, var bodskapen frå Yngvar Andersen som er aktivinstruktør og ein kjend treningsguru. Andersen som har mottoet «Berre gjer da», oppmoda folk til å komme seg forbi dørstokkmila før ein begynner å leite etter motivasjon.  

Andersen var ein av mange som var med på opningsdagen i underetasjen på Kristiansund sjukehus.

Aktivinstruktør og treningsguru Yngvar Andersen var med på opninga av Pusterommet ved Kristiansund sjukehus.
Aktivinstruktør og treningsguru Yngvar Andersen var med på opninga av Pusterommet ved Kristiansund sjukehus.

Kreftsjukepleiar Inger Stokke leia opninga av Pusterommet, og har vore lokal leiar for prosjektet. Ho var oppteken av det gode og produktive samarbeidet mellom Aktiv mot Kreft, kreftpoliklinikken i Kristiansund og klinikk for drift og eigedom. 
– Ei byggetid på tre små månader er bevis for at mange har stått på og arbeidd for å finne løysingar for å få dette til, sa Stokke.

Eit av dei beste Pusteromma i landet

Aktiv mot kreft er ein privat stiftelse etablert av Helle Aanesen og Grete Waitz i 2007. Dei jobbar for at fysisk aktivitet skal bli en integrert del i behandlingen av kreft, både før, under og etter avslutta behandling.

Snorklipping

– Dette er eit av dei beste Pusteromma i Norge, sa Aanesen og viste til flotte og lyse lokaler med gode fasilitetar og friske fargar i blått og grønt.

Torstein Hole, klinikksjef for medisin, representerte leiinga i helseføretaket denne dagen. Han gjorde seg ein refleksjon rundt betydninga av ordet Pusterom.

– Trening gir oss ei avleiing frå behandling og sjukdom, eller frå kvardagen sitt stress og mas. Den skapar oss eit pusterom, sa Hole som trakk linjer til korleis medisinfaget sitt syn på kvile og fysisk aktivitet har endra seg dei siste 30 årene.

Seier over kreften

Initiativet til Pusterommet ved sjukehuset kom opprinneleg frå Wenche Stensvold, tidlegare Proffsyklist og Landslagsryttar, ivrig mosjonist og tidlegare kreftpasient. Stensvold fortalde om sitt «Motbakkeløp» og delta av personlige erfaringar og refleksjonar rundt fysisk aktivitet og kreftbehandling.

Ein tidlegare kreftpasient, Stein Ohr, delte også si historie. Ohr har vore fysisk aktiv heile livet og halde på med konkurranseidrett på høgt nivå. Ohr fortalde korleis livet blei snudd på hovudet då han blei diagnostisert med alvorleg, livstruande kreftsjukdom, og korleis han jobba seg opp igjen med små skritt til no å ha gleda av å kunne konkurrere på friidrettsbanen igjen.

– Det å vinne ein 200 meter etter denne kampen var ein seier over kreften og over meg sjølv, sa Ohr under opninga av det nye tilbodet i Kristiansund.

Tidlegare kreftpasient, Stein Ohr, delte si historie
Tidlegare kreftpasient, Stein Ohr, delte si historie

Mykje energi under opninga

Her får du ein liten videosnutt frå økta med Yngvar Andresen.