Pasienten si helseteneste på nett
Korleis er det eigentleg å vere sjuk? Kva informasjon treng du då? For å lage nye nettsider, måtte vi ha svar på desse spørsmåla. Prosjektet Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta intervjua 150 pasientar, pårørande og helsepersonell i 18 fokusgrupper ni stader rundt om i landet. Alle sjukehusa hadde også ei spørjeundersøking på sine nettsider der brukarane skulle seie kva dei lurte aller mest på.
Christin Nyland, leiar av nasjonalt redaksjonsråd for felles nettløysing for spesialisthelsetenesta, oppsummerer det vi fann:
– Folk som blir sjuke, må orientere seg i ein heilt ny kvardag. Alle spørsmål dukkar opp samtidig. Kva feilar det meg, kvar skal eg, kva skjer og når skjer det? Vi har samla all relevant informasjon knytt til sjukdommen og meiner at dette gjer det enklare for pasientar og pårørande å finne fram.
Ei unison tilbakemelding frå folk vi var i kontakt med, var at dei ønska informasjon om det som skjer før, under og etter behandling. Dei ville også finne oversiktleg og lettfatteleg informasjon om diagnose, prognosar og behandling, med moglegheit til å fordjupe seg i meir utfyllande informasjon. Dei sa at dei har behov for heilskapleg, relevant informasjon om pasientforløpet og oversikt over kvar ein kan få behandling for kva. Informasjon om kvalitet, ventetider og tilvisingsrutinar ved den enkelte behandlingsstaden sto også på ønskelista i tillegg til praktisk informasjon om sjukehuset.
Tilbakemeldingane frå brukarane av tenestene på sjukehusa viser at internett er ein del av sjukehuset, ein del av pasientreisa og ein del av behandlinga. Under utviklinga av felles nettløysing har brukarane hatt ei hand på rattet. Dei har testa løysinga og gitt oss tilbakemelding på om vi er på rett veg. Slik skal det fortsatt vere når vi utviklar nettsidene vidare. Vi håper og trur at dette er eit langt, viktig og riktig steg på vegen mot pasienten si helseteneste. Sjekk våre behandlingssider dersom du eller nokon av dine næraste blir sjuke.
Nettsidene er under utvikling, og vi jobbar stadig med å beskrive fleire behandlingar. Det at ein behandling ikkje er beskriven, betyr ikkje nødvendigvis at vi ikkje tilbyr den.
Har du tilbakemeldingar om nettsidene? Send gjerne ein epost til info@helse-mr.no