Populært bamsesjukehus

Over 100 barn frå fire barnehagar stakk innom bamsesjukehuset for å få fiksa på bamsane sine.

Legeteamet ved Bamsesjukehuset 2017. Initiativtakare Ane Bøyum Opheim og Morten Eikrem heilt til venstre og til høgre i biletet.

​For andre gong ble det arrangert "Bamsesjukehus" utanfor barneavdelinga ved Ålesund sjukehus.

Og i løpet av dagen var over 100 barn frå fire barnehagar innom for å få sjekka bamsane sine. Det var moglegheiter for grundige undersøkingar som CT, sying av sår, plastring og samtaleterapi.

Målet er å ufarleggjere møtet med sjukehus og helsepersonell, og bamsesjukehuskomiteen ved Ane Bøyum Opheim og Morten Eikrem var svært nøgde etter dagen.

Sjå også innslaget frå NRK.

Til dagleg jobbar begge som legar ved ortopedisk avdeling på Ålesund sjukehus.

SJå alle bileta frå dagen på Helse Møre og Romsdal si Facebook-side.