Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Positive tendenser i økonomien i september

Tal overtidstimar for september er det lågaste nivået føretaket har registrert i heile 2017 og 2016.

Publisert 25.10.2017
Sist oppdatert 27.10.2017
Styreleiar Stein Kinserdal og adm.dir Espen Remme i styremøtet 25. oktober 2017.

Helse Møre og Romsdal ser ei positiv utvikling i økonomien for september, noko som i hovudsak skuldast ein nedgang i lønnskostnadene. Adm. dir Espen Remme understreker likevel at dette ikkje er nokon økonomisk "friskmelding" av helseføretaket.

– Det er ei glede å sjå ei positiv utvikling og eg trur alle har oppfatta kor alvorleg situasjonen er. Det er gjennomført mange tøffe møte, og eg meiner vi no trykkar på alt vi kan for å snu trenden. Vi må halde oppe det gode arbeidet no, slik at det også blir varige effektar av dette, seier administrerande direktør Espen Remme.

Innsatsteam og omstillingsmøte

Resultatavviket for september er på minus 4,8 mill. kroner målt mot budsjett, trass i at inntektene låg 7,2 millionar lågare enn budsjettert. Helseføretaket har også valt å vidareføre årsprognose på minus 111,1 mill. kroner i rekneskapsmessig avvik. I tillegg kjem nytt resultatkrav på 12,2 mill. kroner.

– Vi får ikkje robuste resultat om ikkje det er eigarskap til dette heilt ut i organisasjonen, seier Stein Kinserdal styreleiar i helseføretaket.

Det er sett i gong eit omfattande arbeid for å sikre bemannings- og kostnadskontroll. Det er månadlege omstillingsmøte med klinikkar og stab, etablering av bemanningsutval etter modell frå St.Olav og  innsatsteam som både skal støtte, utfordre og gi tettare oppfølging av tiltaka ute i organisasjonen.

Samstundes arbeider helseføretaket med dei underliggande faktorane for drifta og det meir langsiktige arbeidet gjennom utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal 2019-2022.

Utvikling i ventetid

Gjennomsnittleg ventetid for pasientar innan somatikken ligg på målkravet på 57 dagar, men ein når ikkje kravet innanfor dei andre områda som er psykisk helsevern for vaksne, rusbehandling og psykisk helsevern for barn og unge. Spesielt innan psykisk helsevern for barn og unge har ein utfordringar med å nå kravet på maks 40 dagar ventetid.

– Vi ser at poliklinikkane leverer gode tenester, medan vi har meir utfordringar innan døgnseksjonen. Grunnen til dette er i hovudsak mangel på kvalifisert personell, ei utfordring vi deler med dei fleste helseføretak i landet, seier Henrik Erdal klinikksjef for kvinner, barn og ungdom.

Erdal gir honnør til dei tilsette for å stå på og ha henta ut betydelege effektiviseringsgevinstar i BUP ved å sette inn ei rekke tiltak, men understreker at føretaket ikkje har ei varig løysing før ein får på plass ei betre bemanning innanfor fagområdet.

– Det blir jobba med rekruttering og utdanning av eigne spesialistar, i tillegg til utlysing av stillingar. Vikarmarknaden er vanskeleg og vi omdisponerer personell for å halde oppe det akutte tilbodet for psykisk sjuke barn og ungdom, seier Erdal 

Utviklinga i talet på fristbrot for heile helseføretaket - positiv og i veke 41 var helseføretaket nede i totalt 36 fristbrot.