Positivt byggevedtak for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Styret i Helse Midt-Norge var i dag samrøysta i sitt vedtak. Nytt felles akuttsjukehus på Hjelset og eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund skal realiserast.
- Dette er ein historisk dag for oss. Eg er stolt og glad for at styret har tillit til og tru på våre ambisjonar og planar. Vedtaket i dag vil sikre befolkninga i Nordmøre og Romsdal eit moderne og framtidsretta spesialisthelsetenestetilbod, seier adm.dir Espen Remme.
Byggestart neste år
Byggestart for det nye felles akuttsjukehuset er planlagt til november i 2018, men allereie i januar startar arbeidet med å klargjere tomta på Hjelset.
- I løpet av våren vil det skje mykje viktig grunnarbeid på Hjelset. Vi skal rive gamle psykiatribygg og vi skal leggje tilrette for ny infrastruktur for akuttsjukehuset, seier Remme.
Storkontrakt ute
Konkurransegrunnlaget for bygginga av akuttsjukehuset ligg ute og interessa for oppdraget er god. Fristen for å melde seg på i konkurransen er 8.januar og målet er å inngå kontrakt i juni neste år.
Utviklinga av DMS i Kristiansund
Tidspunkt for ombygginga av dagens sjukehuslokale i Kristiansund vil bli klart i løpet av 2018. Helseføretaket vil bruke neste år på å vidareutvikle innhaldet i DMSet saman med Nordmørskommunane og andre interesserte aktørar.
- Vi ønskjer å bidra til å utvikle eit breitt, godt og innovativt distriktsmedisinsk tilbod til befolkninga på Nordmøre og vil intensivere dette arbeidet framover, avsluttar Remme.
Den totale investeringa for SNR er berekna til 4,3 mrd. (2015-kroner), noko som også inkluderer 200 mill.kroner som er sett av til tiltak i samband med utviklingsplanen.