Ingen pasientar har fått fysiske skadar, men ein pårørande som blei utsett for røyk er til sjekk i sjukehuset. Det er ikkje nødvendig å evakuere pasientar frå neonatalavd. I 3. etg.
Fire tilsette har vore utsett for røyk, der ein til to truleg vil få en sjekk i sjukehuset.
- Vi er veldig glad for at det har gått så bra med pasientar, pårørande og tilsette, seier avd.sjef Elisabeth Siebke, avdelingssjef for barnemedisin og habilitering i Helse Møre og Romsdal.
Siebke arbeider nå for å finne ut omfanget av røykskadene i etasjen og når de kan ta lokalene i bruk.