Samla den fremste traumeekspertisen frå regionen

Over 200 var til stades under den regionale traumesamlinga på Waterfront i Ålesund torsdag.

Publisert 22.09.2017
Sist oppdatert 25.09.2017
Stor oppslutning på traumesamlinga.
Stor oppslutning på traumeamlinga med over 200 deltakarar.

- Dette er ein viktig møtestad for fagfolka som jobbar innanfor det same fagfeltet på tvers av sjukehusa i regionen, seier Jon Erik Storvik, arrangør og traumekoordinator på Ålesund sjukehus.

Leiar for traumeutvalet ved Ålesund sjukehus, Tor-Johannes Stray Slørdahl, leia konferansen, der det gjennomgåande temaet var "Den blødande traumepasient".

Blødande traumepasient

15 foredragshaldarar stod på talelista, fleire av dei var eksterne.

Olav Røise, kjend som ein pionér innan traumatologi i Noreg, snakka om behandling av ortopediske skadar i det akutte forløpet.  Anders Holtan frå OUS Ullevål snakka om behandlingsstrategi for pasientar med blødningssjokk, samt komplikasjonar kring blodtransfusjonar.

Anders Holtan frå OUS

Anders Holtan frå OUS

Torben Wisborg, som er leiar av Nasjonalt kompetansesenter for traumatologi, presenterte innhaldet i nasjonal traumeplan. Han heldt også eit føredrag om førstehjelp og betydinga av tid til sjukehus, og presenterte ny forsking på kva som reddar liv i det akutte forløpet.

- Fagleg løft

- Det er klart det er ekstra stas å få med så dyktige eksterne føredragshaldarar. Responsen no etter samlinga har vore svært positiv. Målet med arrangementet var både å gi fagpersonar muligheita til å møtast for å dele erfaringar, bidra til å auke interessa for fagfeltet, samt tilby ndervisning for å gi deltakarane eit fagleg løft. Det trur eg vi lukkast med, seier Storvik som fortel at det har skjedd ein stor utvikling i traumearbeidet dei siste åra.

Torben Wisborg

Torben Wisborg

- Traumearbeidet er satt i system. Og da snakkar vi ikkje om arbeidet som gjerast i kvart enkeltståande sjukehus, men heile behandlingskjeda. Dei tilsette får systematisk opplæring og vi øver jamleg på mottak av kritisk skadde pasientar.  Den nyleg innførte traumeplanen er med på setje ein standard for korleis ein traumepasient skal behandlast, seier Storvik.

 

Rekordstor oppslutning på traumesamlinga