Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skal teste ut løysing for stadleg leiing i Helse Møre og Romsdal

I februar startar eit pilotprosjekt med mål om å prøve ut og vidareutvikle ei løysing for stadleg leiing ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Volda sjukehus er valt ut til å køyre piloten som skal gå over tre månadar.

Publisert 13.01.2017
Volda sjukehus
Volda sjukehus

– For å sikre ei heilskapleg leiing av føretaket har vi valt ein gjennomgåande klinikkstruktur og stadleg leiing ved kvart enkelt sjukehus. Tilsette ved alle sjukehus i fylket har vore med i arbeid med utviklinga av pilotprosjektet. Eg er derfor trygg på at piloten vil gi oss viktig kunnskap og erfaringar som vi kan nytte for å kome fram til ei god løysing for stadleg leiing i føretaket, seier adm.dir. Espen Remme.

Innhald i pilotprosjektet

Løysinga som blir testa ut i Volda inneheld fem ulike tiltak:

  1. Opprette ei koordinerande løysing ved kvart enkelt sjukehus, som organiserer felles møte der leiarar frå dei ulike klinikkane diskuterer og behandlar felles interesser og prosessar som går på tvers av den organisasjonsmodellen.
  2. Gjennomføre enkle, lokale koordineringsmøte etter behov
  3. Tydeliggjere ansvarsområde knytt til drift og eigedom
  4. Stadlege leiarmøte saman med leiargruppa
  5. Stadleg leiarsamlingar ved sjukehuset

Leiinga jobbar no med å få på plass ein koordinatorfunksjon ved Volda sjukehus som får ansvar for å gjennomføre og utvikle piloten.

– Eg opplever eit stort engasjement frå tilsette som ønskjer å sikre stadleg leiing ved sjukehusa. Mange er spente på korleis den skisserte løysinga vil fungere i praksis og det får vi no testa ut, seier Remme. 

Meir informasjon om tiltaka og pilotprosjektet finn du i kapittel 5 i rapporten som er utarbeidd av delprosjektet (pdf)

Sjå også tidsline for stadleg leiing 2017 (pdf)

Utdrag frå rapporten

Koordinatoren organiserer felles møte der leiarar frå ulike klinikkar diskuterer og behandlar felles interesser og prosessar som går på tvers av organiseringa.

Koordinatoren skal bidra til å:

  • Styrke samhandling mellom einingar til dømes knytt til utstyr, optimalisere kapasitet og areal, støttefunksjonar og personalressursar
  • Legge til rette for god pasientflyt
  • Treffe heilskaplege og overordna vedtak
  • Førebygge og løyse opp i ueinigheiter og konfliktar
  • Samhandle og samarbeide lokalt
  • Informere og kommunisere internt i sjukehuset og kringliggande lokasjonar
  • Avklare rykte
  • Skape eit godt arbeidsmiljø internt i sjukehuset

Formålet med å ha ein koordinator ved kvart enkelt sjukehus er å handtere problemstillingar, utfordringar og ueinigheiter ved sjukehuset som går på tvers av organiseringa av verksemda.  Koordinatoren har ikkje eigne økonomiske fullmakter og kan ikkje overprøve avgjerder som blir tatt i den ordinære linja. Koordinatoren har mandat til å identifisere, ta opp og prioritere saker, samt koordinere oppmøte. Om partane ikkje kjem til einigheit kan koordinatoren løfte saka til leiargruppa.

Bakgrunnsinformasjon om organisasjonsutviklingsarbeidet

Arbeidet med OU er eit resultat av ei evaluering av organisasjonsmodellen i HMR som blei gjort i slutten av 2015. Der kom det tydeleg fram eit behov for å gjere grep i dagens organisering. OU-arbeidet skal legge grunnlaget for ein framtidig organisasjonsmodell som er med på å skape pasienten si helseteneste i Møre og Romsdal. Første fase har omhandla organisering på nivå 2 (klinikk). I mars 2016 vedtok adm. dir. ein tverrgåande klinikkstruktur. OU-arbeidet er nå inne i neste fase, som omhandlar organisering, struktur og leiing på nivå 3 og 4 (avdelings- og seksjonsnivå) inkludert spørsmålet om stadleg leiing.

HMR oppretta eit eige OU-prosjekt som har hatt i oppgåve leie arbeidet med å utvikle og få på plass en ny organisasjonsmodell frå 1. januar 2017. Prosjektet skulle sikre at viktige funksjonar med tanke på omstilling og omorganisering blei ivaretatt. Prosjektet har også hatt ei utgreiande og kartleggande rolle og har fungert som rådgivar og støtte til leiargruppa i arbeidet med OU. Dei fire delprosjekta har vore: Endring organisasjonsstruktur (to arbeidsgrupper: klinikkstruktur og stabsstruktur), stadleg leiing, omstilling personell, plattform for leiing.