SNR-prosjektet styrkar laget med to erfarne hovud

Helse Møre og Romsdal har tilsett Hans Christian Ofstad som prosjektleiar og Olav Finnøy som hovudansvarleg for å leie arbeidet med organisasjonsutvikling i SNR-prosjektet.

- Vi er svært glad for at Ofstad og Finnøy kjem inn i prosjektet. Dei har lang fartstid i føretaket og kjenner organisasjonen godt. Kunnskapen og erfaringane deira er verdifull i det vidare arbeidet med å sikre pasientane på Nordmøre og i Romsdal eit best mogleg spesialisthelsetenestetilbod, seier ass.direktør Helge Ristesund.

Med Ofstad på plass har føretaket prosjektleiarar både frå Kristiansund og Molde. Merete Hagbø frå Molde held fram som prosjektleiar, medan Ofstad frå Kristiansund erstattar Astrid Johanne Brandshaug som var prosjektleiar i konseptfasen.

Ofstad har god kjennskap til SNR-prosjektet, gjennom  sin deltaking i hovudgruppa. Ei gruppe som medverka aktivt i konseptfasen av prosjektet. Ofstad har bakgrunn som klinikksjef for kirurgi ved Kristiansund sjukehus og har sete i leiargruppa i føretaket. Finnøy har erfaring som personaldirektør i føretaket og har mykje kunnskap som kan bidra til å sikre at ein utviklar og byggjer ein organisasjon for framtida.

Nye stillingar i prosjektet

Føretaket vil snarleg lyse ut ei nyoppretta prosjektsjefstilling. Prosjektsjefen får ansvar for den daglege leiinga av føretaket sin del av prosjektarbeidet, og vil ha tett kontakt og samarbeid med prosjektdirektør frå Sykehusbygg, Helle Jensen. Prosjektet skal vidare tilsette ein medarbeidar som skal ivareta oppgåver knytt til drift og eigedom.  Tilsettinga  i stillingane vil skje våren 2017.


I tillegget vil føretaket arbeide med å sikre ressursar som skal sikre god integrering mellom SNR-prosjektet og Helseplattformen.

Status for arbeidet

Planlegginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er inne i forprosjektet som er siste del av tidlegfasen  og inneber vidare utvikling og detaljering av løysingane frå skisseprosjektet. Forprosjektet skal gi grunnlag får å kunne vedta å gjennomføre bygging av  Sjukehuset Nordmøre og Romsdal slik det blei foreslått i konseptfasen.

Forprosjektet skal vere ferdig til handsaming mot slutten av 2017, med planlagd byggestart hausten 2018.

Aktiv medverking

Sykehusbygg vil leie arbeidet med å detaljplanlegge tilboda som skal vere ved akuttsjukehuset på Hjelset og ved det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund. Frå slutten av februar går tilsette, tillitsvalte og vernetenesta i føretaket aktivt inn og medverker i planleggingsgrupper i prosjektet. 
Prosjektet legg også opp til eit konstruktivt og godt samarbeid med kommunane i forprosjektet.