Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Solberg lovar pengar til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Statsminister Erna Solberg bekreftar at det kjem pengar til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på neste års statsbudsjett.

Publisert 08.08.2017
En gruppe mennesker som sitter på en benk i en park

Tysdag besøkte Solberg sjukehustomta på Hjelset og kom med nyheita om at lånesøknaden  for SNR vil bli innvilga. 

- Dette er ein veldig hyggeleg dag. Vi skal halde fram med å bygge gode helsetenester for pasientane og då treng vi nye sjukehusbygg. Det vil kome pengar i statsbudsjettet slik at oppstarten kan følgje planane som er lagt, sa Solberg.

Statsminister Erna Solberg besøkte sjukehustomta på Hjelset

Den totale låneramma fram til 2022 er på 3,5 miliardar kroner og utgjer 70 prosent av kostnadsramma for prosjektet.

Vil styrke tilbodet

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug kom i følgje med Solberg til Hjelset. 

Noen få mennesker snakker utenfor

- SNR kjem til å styrke tilbodet til innbyggjarane i Møre og Romsdal og gi befolkninga eit langt betre tilbod enn det dei har i dag, seier Listhaug som er Frp sin førstekandidat i Møre og Romsdal.

Tryggleik for planleggingsarbeidet

Administerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, tok imot den gode bodskapen med glede.

- Dette er noko vi har jobba lenge for, og bodskapen  gjer at vi smiler frå øyre til øyre. Det gir oss og pasientane våre tryggleik for planlegginga vidare og vi er heilt på "track" i høve til tidsplanen, sa Remme. 

- Målet vårt er at planane skal gå som planlagt, og vi treng ikkje fleire utsettingar eller rot. No må og vil vi gjennomføre prosjektet, sa Solberg.