Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Starter planlegginga av det barnemedisinske tilbodet i HMR

I langt tid har det vore eit stort engasjementet frå brukarar, tilsette, politikarar og media rundt kva tilbod helseføretaket planlegg for barn og unge inn i SNR. Helseføretaket har vist til arbeidet med utviklingsplanen i 2017, der ein skal sjå på korleis det samla tilbodet innan pediatri skal løysast i Helse Møre og Romsdal.

Publisert 15.03.2017
Sist oppdatert 03.04.2017
En mann som står foran en gruppe mennesker

I dag presenterte helseføretaket planen for organisering av arbeidet.

- Vi skal først evaluere det vi driftar i Kristiansund i dag og deretter sjå på framtidig driftsmodellar for det barnemedisinske tilbodet i Nordmøre og Romsdal og i Helse Møre og Romsdal, seier Henrik Erdal som klinikksjef for kvinner, barn og ungdom. Målsettinga er at arbeidet skal leggast fram for styret i juni.

Helgestenging - uaktuell driftsmodell

I styremøtet understrekte også klinikksjefen at helgestengingsmodellen er uaktuell som driftsmodell og blir derfor ikkje teke med vidare.

- Barne- og ungdomsavdelinga i Kristiansund er i dag open heile døgnet, men med redusert sengekapasitet i helga. Avdelinga har to stengingsperiodar i året, og det utgjer ti dagar i påska og åtte veker om sommaren, fortel klinikksjefen som understreker at dagens driftsmodell i Kristiansund har vore gjeldande sidan påska 2015.

- Når sjuke barn blir lagt inn på avdelinga møter dei ein barnelege, og veldig få barn blir flytta frå Kristiansund til Ålesund slik tilbodet er organisert i dag. Vi ser også ein klar dreiing mot poliklinikk og dagbehandling, seier klinikksjefen som rosar arbeidet til dei tilsette i avdelinga.

Todelt arbeid

Evalueringsrapporten skal utarbeidast og ligge i botn før ein startar på utgreiing av moglege framtidige modellar.


Presentasjon med utkast til mandat.

Helseføretaket har også satt opp forslag til ei breitt samansett arbeidsgruppe med eksterne og interne deltakarar.

- Vi tenker det er mest naturleg å sjå til Helse Vest eller Helse Nord for å finne leiar av gruppa, og vi meiner også det er ein fordel om vedkomande har klinisk erfaring frå andre fagmiljø enn universitetssjukehus, seier klinikksjefen.

Forslag til arbeidsgruppe.


God respons

Planene fekk gode tilbakemeldingar frå styret, og fleire kom med innspel til arbeidet.


- Eg foreslår at dykk tek inn to frå kommunelegesida, ein som er sjukehusnær og ein som har lengre avstand til sjukehus, sa Svein Anders Grimstad og ga innspel til samansettinga av arbeidsgruppa.


- Det er tillitsvekkande og gjennomarbeidd det som blir presentert. Men kva med oppdragsdokumentet som seier at vi skal samarbeide tettare med sjukehusa som er i helseføretaket. No som Møreaksen truleg blir realisert så må ein sjå at drifta i nordfylket heng saman med drifta i sørfylket, sa Petter Bjørdal og blei trygga av adm.dir. på at dette også må ligge i botn for vurderingane.

- Det er nødvendig at vi starter arbeidet no, slik at vi kan lande dette før valkampen tek av. Det hadde vore synd om pediatritilbodet skal bli ein valkampsak før vi har fått den faglege utgreiinga. Ein må særleg sjå på pasienttryggleik og kvalitet, sa styreleiar Stein Kinserdal.

- Det er positivt at ein ser på dette som ein del av utviklingsplanen, og det er viktig å sjå på samarbeid mellom sjukehus. Vi i Helse Midt-Norge bistår gjerne inn i arbeidet med dei ressursane helseføretaket har behov for, sa Gunn Fredriksen som stilte for Torbjørg Vanvik i dagens styremøte.