Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stort engasjement for riktig bruk av tvang i psykisk helsevern

Styret i Helse Møre og Romsdal støttar dei framlagde tiltaka for riktig bruk av mekaniske tvangsmidlar i psykisk helsevern. Konstituert klinikksjef, Karl Arne Remvik, kunne i dag orientere styret om eit stort engasjement blant tilsette og leiing for å bidra til ei løysing og utvikling av tilbodet.

Publisert 25.01.2017

Sidan styret var samla i desember har helseføretaket utført ein intern revisjon og dermed gått nærare inn i tala i tvangsprotokollane og sett på prosessar i samband med belteleggingar. Det har vore allmøte med tilsette på Hjelset og i Ålesund og tala er lagt fram for dei tilsette. 

– Eg opplev at det er eit stort engasjement blant dei tilsette på å gå inn i saken for å bidra til ei løysing og utvikling av tilbodet til pasientane. Vi ønskjer å få læring i saka, og ikkje noko intern refsing, seier konstituert klinikksjef Karl Arne Remvik.

I internrevisjonen kjem det fram at helseføretaket sett under eitt framleis ligg over nasjonalt gjennomsnitt tal timar på beltelegging, men ikkje så høgt som tala presentert i media. I tillegg er det skilnader mellom institusjonane på Hjelset og i Ålesund. Mens Hjelset ligg på same nivå som ein gjer nasjonalt (3 timar), ligg mottaksseksjonen i Ålesund over gjennomsnittet.

Beltebruk ved mottaksseksjonen i Ålesund
Gjennomsnitt: 15,8 timar
Median: 10 timar

Beltebruk ved seksjon for akuttpsykiatri på Hjelset
Gjennomsnitt: 9,4 timar
Median: 3 timar

Beltebruk totalt for HMR
Gjennomsnitt: 12,42 timar
Median: 6 timar

Tala presentert i media viser eit gjennomsnitt i på 18,64 timar og ein median på 11,67 timar i Helse Møre og Romsdal.

Ulik praksis

– Analysen kan tyde på at dei to einingane tilnærmar seg tvangsbruken på ulik måte, og som igjen påverkar lengda på beltebruk, seier Remvik.

Ifølge Remvik er noko av grunnen til dette er bl.a. at lettelsar i beltelegging ikkje er ført i protokoll i Ålesund, mens det er gjort på Hjelset. Å ta bort belter under søvn har ein også ulik praksis for å gjere.

Styremedlem Kirsti Slotsvik spurde om rus var ein stor del av problemstillinga i Ålesund, og om det dermed kunne seiast at ein aukande del av bildet var innan rus?  Remvik svara at det har kome fram på allmøte at rus, også nye typar rus, er ein vesentleg del av det i Ålesund. Han presiserer samtidig at dette ikkje har vore ein del av utgreiinga i internrevisjonen.

Opplæring som eit av tiltaka

Fleire kortsiktige og langsiktige tiltak blei lagt fram for styret. I mars startar opplæringa av instruktørar innan terapeutisk aggresjonsmestring, noko som skal breiddast i heile klinikken. Ein arena for systematisk refleksjon rundt prosessar i samband med belteleggingar blir etablert, ein skal revidere rutinar for dokumentasjon og utarbeide prosedyrar for reduksjon og lette av tvang.

– Vi vil også gå gjennom bemanningsplanar og bruk av overtid og vikarar, seier Remvik.

På lengre sikt vil klinikken satse på arbeid med pasientforløp for å auke graden av standardisering i bruken av mekanisk tvang. Regionalt blir det også jobba med å implementere eit system for elektronisk signering av tvangsprotokollar.

Helse Midt-Noreg har også sagt at dei ønskjer ei læring mellom helseføretak. I dette ligg også arbeidet med pasientforløps-tenkinga, og at ein skal lære av kvarandre.

Les meir om prosessen for riktig bruk av tvang i Helse Møre og Romsdal (styresak pdf)

Internrevisjonsrapporten kan du lese her (pdf)