Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tenåringane får ei kraftigare stemme i helseføretaket

Helseføretaket har etablert eit samla ungdomsråd for heile Helse Møre og Romsdal.

Publisert 23.11.2017
Sist oppdatert 19.01.2018
Gruppebilde av ungdomsrådet i Helse Møre og Romsdal.
Ungdomsrådet. F.v. Gerhard Solem, Anna Aure Monsen, Malin Strømsholm Riise, Christian Bjerkås, Johan Wilhelm Holmstöm Ulla, Benjamin Vågen, Nathalie Helen Johansen, Victoria Ulstein Sporsheim, Benedikte Skrede og Ylva Bårdsdotter Lindseth-Aarflot.

Seks jenter og fire gutar i alderen 13 – 22 år er samla til det nye ungdomsrådet for Helse Møre og Romsdal. Dette er ei ungdomsutgåve av brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal, og medlemmane kjem i frå heile fylket.

Tidlegare har føretaket hatt ungdomsråd berre ved Barne og ungdomsavdelinga Ålesund sjukehus, men no er rådet utvida til heile Helse Møre og Romsdal og fått ein meir formell plass i føretaket.

– No er det løfta mykje høgare og det er veldig bra, fortel tidlegare koordinator for ungdomsrådet, Guri Olsen. I lag med ny koordinator, Elin Fladseth og sosionom Marianne Heen deltok ho på den første samlinga for det nye rådet i oktober.

Når fram med viktige saker

To av medlemmane har erfaring frå ungdomsrådet ved Barne og ungdomsavdelinga Ålesund sjukehus. Benedikte Skrede (17) og Victoria Ulstein Sporsheim (18) er med på tredje året. Dei fortel at det er på sjukehuset at dei oppnår mest kontakt med andre ungdommar som har behov for spesialisthelsetenester, og det er her dei ser kvar skoen trykker.

Benedikte  og Victoria nemner spesielt to viktige saker dei har jobba mykje med det førre året.

  1. Overgangen frå barneavdeling til vaksenavdeling
  2. Opningstider

Det å bli flytta over frå barn- til vaksenavdeling er gjerne ein stor og ikkje alltid uproblematisk overgang for ungdommane.

– Eg har blitt forberedt eit heilt år på denne overgangen, og vi ser at det blir betre med ungdomsrådet sin innflytelse, fortel Victoria Ulstein Sporsheim.
Ei anna sak som opptek dei er opningstidene på avdelingane.
– Vi ønskjer å påverke slik at sjukehusbesøka ikkje går utover skuletida, fortel Skrede.

Medlammane i ungdomsrådet

  • Leiar, Benjamin Vågen (20). Bur på Stranda, oppvaksen på Averøya, født i Lofoten.
  • Nestleiar, Nathalie Helen Johansen (16) frå Ålesund.
  • Anna Aure Monsen (22) frå Molde
  • Benedikte Skrede (17) frå Ålesund
  • Christian Bjerkås (16) frå Kristiansund
  • Gerhard Solem (16) frå Averøy
  • Johan Wilhelm Holmstöm Ulla (19) frå Gamlen, opphavleg frå Spania
  • Malin Strømsholm Riise (18) frå Kristiansund
  • Victoria Ulstein Sporsheim (18) frå Ålesund
  • Ylva Bårdsdotter Lindseth-Aarflot (13) frå Ålvundfjord

 

Ungdomsråd i helseføretak – Korleis og kvifor? (helse-sorost.no, pdf)

Akershus universitetssjukehus har laga film om ungdomsrådet i sitt helseføretak:

Sjå filmen Ungt engasjement – Ungdomsrådet ved Ahus  

Fakta om ungdomsrådet

  • Det er oppretta eit samla ungdomsråd for heile Helse Møre og Romsdal
  • Dette er ei ungdomsutgåve av brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal
  • Medlemmane skal ha personleg erfaring med sjukehus og helsetenesta generelt
  • Medlemmane må vere villige til å dele erfaringar og må ha eit ønske om å bidra til forbetring av tenestene
  • Ungdomsrådet skal ha tett samarbeid med leiinga i føretaket
  • Referat frå ungdomsrådet sine møte vil ligge fast som referatsak på styremøta i Helse Møre og Romsdal og møta i brukarutvalet
  • Leiar eller representant frå ungdomsrådet deltek på brukarutvalet sine møte der det er naturleg på sak