Tilsett klinikksjef i klinikk for psykisk helse og rus
Karl-Arne Remvik har i dag takka ja til stillinga som ny klinikksjef i Klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal (HMR).
Karl-Arne Remvik Remvik er utdanna sjukepleiar, nasjonalt toppleiarprogram og kjem no frå stilling som spesialrådgivar i fagavdelinga. Han har tidlegare lang erfaring frå stilling både som klinikksjef i HMR og avdelingssjef i Helse Sunnmøre.
– Eg ser fram til å ta til i stillinga. Fagområda både innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling er viktige for innbyggjarane i Møre og Romsdal og har eit svært spanande utviklingspotensiale i tida framover, seier Karl-Arne Remvik.
Karl-Arne tiltrer som klinikksjef 14. august 2017, og vil ha ein overlappingsperiode med Ketil L. Gaupset for å sørge for at han vert kjent med viktige saker, utviklingsprosjekt og relasjonar.
Mellom fleire gode kandidatar er adm.dir. Espen Remme svært glad for å få Karl-Arne Remvik på plass som ny klinikksjef.
– Karl-Arne har god fagleg og leiarmessig erfaring og kjenner føretaket og klinikken godt, seier Remme.