Ustabile telefonliner ved Molde og Kristiansund sjukehus

OPPDATERT 10.03.17: Onsdag 1.mars blei det varsla om ustabile telefonliner inn til Molde og Kristiansund sjukehus. Helse Møre og Romsdal har funne feilen og har sett inn ressursar som jobbar med å få løyst problemet.

Molde sjukehus

Molde og Kristiansund sjukehus har framleis ustabile telefonliner. Det er sett inn tiltak som har betra situasjonen, og det blir jobba vidare for å løyse problemet heilt.

Dersom du ikkje kjem igjennom på telefon til oss, kan det hjelpe å legge på og prøve igjen. Du kan nå oss ved å ringe sentralbordet på 71 12 00 00.

Det kan også oppstå feil ved vidarekoplingar frå sentralbordet. Dersom du ikkje når fram etter ei vidarekopling kan du ringe tilbake til sentralbordet.  

Nødnummer 113 og legevaktsental 116 117 er ikkje påverka av feilen.