Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utlysing av forskingsmidlar frå Helse Møre og Romsdal HF for 2018

Utlysing av forskingsmidlar

Publisert 12.05.2017
Sist oppdatert 02.11.2017

Stipend frå HMR for 2018
Helse Møre og Romsdal HF (HMR) tildeler eigne stipend for forsking/ innovasjonsdriven forsking. Tildelingane for HMR gjeld følgjande kategoriar, med oppstart 1. januar 2018. (med atterhald i økonomiske rammer)

  • Inntil 3 ph.d-stipend
  • 1 postdoktorstipend 
  • 2 forskingsstipend/innovasjonsdrivne forskingsprosjekt

Merk følgjande
Alle søknadar skal først sendast til Samarbeidsorganet for Helse Midt-Norge RHF og NTNU (SO). I SO er det oppnemnd ein ekstern kommisjon som fagfellevurderer og sett karakter på søknadane. Dei søknadane som ikkje får støtte direkte frå SO vil automatisk bli vurdert av Innstillingsrådet i HMR, og deretter handsama i Forskingsutvalet i HMR. 

Det er viktig å presisere at alle som søkjer skal nytte utlysingstekst frå SO, denne teksten er og gjeldande for stipenda i HMR.

Hugs søknadsfrist: 13. juni 2017 kl. 1500.

HMR kan ikkje tilby stipend innan alle kategoriane som vert lyste ut i SO. Merk! -  at dersom du søkjer kategoriar i SO  (Doktorgradsstipend (ph.d.)
postdoktorstipend, forskerstipend, stillingar retta mot innovasjon (ph.d.-, postdoktor- eller forskerstipend), utenlandsopphold (varighet 3-12 mnd.), prosjektmidlar (frå kr 500 000 til 1 mill. årleg i 1 - 3 år) som ikkje finns i utlysninga til HMR (Doktorgradsstipend (ph.d.), postdoktorstipend, forskings-/innovasjonsprosjekt), så vil søknaden ikkje bli vidare vurdert i HMR sitt system.  Du vil få snarleg beskjed om dette via e-post når søknadane kjem til HMR.

Vi minner om at følgjande forskingsområde er prioritert i Helse Midt-Norge og også i HMR: 

  • Klinisk relevant og pasientnær forsking
  • Forsking på kvalitet og pasienttryggleik
  • Medisinsk teknologi og digitalisering av tenesta
  • Helsetenesteforking inkludert samhandling, logistikk og tenestutvikling
  • Translasjonsforsking, også kalla overføringsforsking
  • Registerforsking i kombinasjon med helseundersøkingar og pasientdata
  • Global helseforsking
  • Helseutdanningsforsking

I HMR går søknadane til Innstillingsrådet som vil rangere søknadane og sende desse til Forskingsutvalet. I Forskingsutvalsmøtet 30. november 2017 vil det bli endeleg innstilling til stipenda frå HMR.  Den/dei som får tildelt stipend vil få beskjed via e-post i byrjinga av desember 2017. 

Tildelingsbrev med prosjektkode vil bli sendt så fort ein har fått svar på om kandidaten takkar ja til stipendet eller ikkje. Det er utarbeidd eigne retningsliner med fokus på vilkår for tildeling og forvaltning av forskingsmidlar tildelt av Helse Møre og Romsdal. Den/dei som får tildelt stipend frå HMR vil få tilsendt desse i tildelingsbrevet.   

Kvalitetskrav til søknader
HMR har same krav til kvalitet på søknadane som SO. I dette ligg det at søknader som har skår under 3.5 ikkje blir vurderte for tildeling av stipendmidlar. Retningslinjer: https://helse-midt.no/Documents/R%C3%A5d%20og%20utvalg/Samarbeidsorganet/Gjeldende%20bestemmelser%202017.pdf  Det er derfor viktig at alle som søkjer forskingsmidlar i SO/HMR prøver å alliere seg med rettleiar/fagpersonar som kan gi råd og rettleiing i høve kvaliteten på søknaden. 

Dersom noko er uklart i utlysningsteksta må du ta kontakt med forskingssekretariatet i HMR og dei vil svare deg så fort som råd. 

Kontaktinformasjon
Helse Møre og Romsdal HF, FoU-seksjonen
Postboks 1600,
6026 Ålesund
forsking@helse-mr.no
 
Therese Istad
Rådgjevar/koordinator forskings- og innovasjonssekretariatet
Fagavdelinga, FiU- seksjonen
+47 98865979
forsking@helse-mr.no

Therese Stern
Prosjektmedarbeidar forsking- og innovasjonssekretariatet
Fagavdelinga, FiU-seksjonen
+47 98 88 22 56
forsking@helse-mr.no