Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vedtok budsjett for 2018 på 5,6 mrd

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok onsdag budsjettet for 2018, og forventer omstillinger i tida framover.

Publisert 29.11.2017
En gruppe mennesker som sitter rundt et bord

Budsjettsaka handlar ikkje berre om økonomi, for i botn for budsjettet på 5,6 milliardar kroner ligg nasjonale, regionale og lokale ambisjonar om mellom anna å redusere ventetider, prioritere psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling, og å betre kvalitet og pasienttryggleik.

Omstilling framover

Økonomidirektør Heidi Nilsen la fram eit samla behov for effektivisering i 2018 på 214 millionar, inkludert ein buffer på 50 mill. som er avsett til uføresette kostnadar.

- I forslaget til budsjett for 2018 ligg det konkrete tiltak for 165,1 mill. kroner. Mange av desse er godt forankra, medan andre tiltak krev meir oppfølging før iverksetting, sa Nilsen.

Dei siste 48,9 mill. kronene skal løftast inn i arbeidet med utviklingsplanen der ein allereie i 2018 må vurdere om nokre av områda kan vere med på å sikre økonomisk bærekraft.

- Omstillinga er delt i to løp, eit kortsiktig som inkluderer kostnadskontroll gjennom bemanningsplanlegging, redusert innleige, overtid og varekostnader og eit på lengre sikt som handlar om organisering av tenestene, utviklingsplanen og SNR, seier adm.dir. Espen Remme.

Uro knytt til tiltaka i budsjettet

Klinikksjef Torstein Hole i Klinikk for medisin og rehabilitering fortalde også korleis dei har arbeidd for å konkretisere tiltaka i budsjettet.

- Vi gjer ein stor innsats for å komme i hamn på lik linje med dei andre klinikkane, men vi har litt ulike utfordringer. Vår klinikk har ikkje problemer med å halde aktiviteten oppe, der ligg vi over, men vi har ei auke i medikamentbudsjettet på 31 %. Kreftavdelinga har ekstremt høg aktivitet og samstundes ei innsparing på lønsbudsjettet. Likevel går dei i dundrande minus pga av medikamentunderskotet, seier Hole.

Det blei uttrykt uro fra enkelte styremedlemmar på tiltaka i budsjettet, og om dei var realistiske nok. 

- Eg kan love styret at eg mobiliserer organisasjonen det maksimale av det vi kan. I styremøtet har vi sagt noko om korleis ein jobbar på seksjons- og avdelingsnivå, klinikknivå og overordna nivå. Klarer vi å dra saman alle så er vi fullstendig kapable til å handtere det. Vi ser mange gode teikn, men vi er framleis ikkje like gode på å hente ut gevinstar som vi er på å få ut god kvalitet, men dei tilsette arbeider knallhardt for å få dette til, seier Remme og viser til mange læringshistorier, mellom anna forbetringshistoria som avdelingssjef Monicha Ìsaksen i Klinikk for akuttmedisin fortalte om tidlegare i møtet.

- Dette gir forbetring både for pasientar, tilsette og helseføretak, seier Remme.

Les heile budsjettsaka.


Fem nye hovudtiltak

  1. I tilllegg til tiltak knytt til lønn foreslår ein i budsjettsaka nokre hovudtiltak innan enkelte områder. Desse har vore nemnd tidlegare, men er no meir konkretisert. Tiltaka skal sikre at ein ser kostnadsuttaket i samanheng på tvers av klinikkane og sjukehus. 
  2. Sengepoststruktur inkl. intensivtilbod
  3. Optimalisering av operasjonsaktiviteten
  4. Reduksjon av intern rekvirering av lab prøvar og radiologi
  5. Reduksjon av kontrollar ved St. Olav
  6. Reduksjon av varekostnader