Vi skal utvikle sjukehusa våre til det beste for pasientane

Kronikk

Helse Møre og Romsdal (HMR) sitt overordna mål er å sikre alle 266 000 innbyggjarane i fylket eit best mogleg fagleg tilbod. Gjennom utviklingsplanen jobbar vi no saman med kommunane for å planleggje framtidas helsetenester.

Skisse, akuttsjukehuset på Hjelset
Skisse, akuttsjukehuset på Hjelset

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er ein svært viktig del av utviklingsarbeidet i Møre og Romsdal, og utgjer både det nye felles akuttsjukehuset på Hjelset og det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund med dagkirurgisk tilbod. Det var ein svært gledeleg dag 8. august då statsminister Erna Solberg kom med lovnad om finansiering av prosjektet, slik at ein fekk ytterlegare tryggleik for at det gode planleggingsarbeidet som er på gang kan halde fram i tråd med tidsplanen. SNR er planlagt som eit framtidsretta og godt akuttsjukehus, og vil vere av dei mest moderne i sitt slag når det står driftsklart i 2022. Innhaldet i SNR er framleis det same som i idéfaserapporten, der tre nivå (lokal, regional og nasjonal) slutta seg til arbeidet.

Sjå skisser og milepæler for SNR (pdf)


Når det gjeld tilbodet til barn og unge i Nordmøre og Romsdal, vil eg understreke at for helseføretaket er det viktig å sikre alle barn og unge i fylket vårt eit trygt og godt helsetilbod. I SNR er det planlagt 6 senger for barn, med poliklinikk, dag- og døgntilbud som skal oppfylle forskrift om behandling av barn i sjukehus. Det er også viktig å vite at ingenting av innhaldet som er planlagt i SNR, eller i arbeidet med utviklingsplanen legg avgrensingar i forhold til kva tilbod vi kan ha til barn og unge i Nordmøre og Romsdal.

 

Forhistoria og erfaringane våre viser at det er viktig å gjere eit heilheitleg og grundig arbeid i planlegginga av eit godt barnemedisinske (pediatrisk) tilbod i fylket. Det er derfor satt ned ei breitt samansett og kompetent arbeidsgruppe som skal evaluere driftsmodellen i Kristiansund og gi råd om korleis ein i framtida kan organisere det barnemedisinske tilbodet i helseføretaket generelt og for SNR spesielt. Leiar for gruppa er Marianne Nordhov som er pediater frå Universitetssykehuset Nord-Norge, i tillegg er det med pediatrar frå Sykehuset Innlandet og St. Olavs hospital og fagpersonar frå eige fagmiljø i HMR. Gruppa jobbar godt og skal levere sitt arbeid og si anbefaling innan 1.oktober i haust. Kommunane har vore tydelege på at dei ønskjer å komme med innspel til gruppa sitt arbeid, og vi har invitert til ein innspelskonferanse om pediatri i Kristiansund 14. september. Vi ønskjer også ein risiko og sårbarheitsvurdering (ROS-analyse) av pediatrigruppa sitt arbeid, og har engasjert PwC som eksternt kompetansemiljø for å gjennomføre dette arbeidet.

I nasjonal helse- og sykehusplan har regjeringa trekt opp viktige utviklingsretningar for sjukehusa i eit 15 års perspektiv. Her blir utvikling i demografi, sjukdomar og tenestebehov, teknologi og prioriteringar gjennomgått. Som eit ledd i dette arbeidet har alle helseføretak blitt utfordra på å seie noko om utviklinga av sjukehusa – både om dei faglege tilboda som vert gitt, men også om korleis bygningar og utstyr skal utvikle seg. Dette arbeidet skal ferdigstillast i oktober månad, for å sendast
ut på høyring og behandlast av styret i HMR i februar 2018. Deretter vil Helse Midt-Norge RHF gjere ei regional samanstilling av arbeidet.

Heilt og fullt og ikkje stykkevis og delt. Helse Møre og Romsdal skal sikre det meste av spesialisthelsetenestene til innbyggjarane i fylket. Føretaket består i dag av 4 sjukehus, 5 distriktspsykiatriske senter, 2 institusjonar for tverrfagleg rusbehandling, 2 rehabiliteringsinstitusjonar, 33 ambulansestasjonar, 5 ambulansebåtar, eit ambulansehelikopter og eit ambulansefly. Det er i overkant av 6 000 tilsette i føretaket. Vi ønskjer å utvikle og lukkast i alle institusjonane og fagmiljøa våre. Helsetenestene er i kontinuerleg utvikling, og Helse Møre og Romsdal er avhengig av ein god dialog og eit godt samarbeid med kommunar, private helsetilbydarar, St. Olavs hospital og utdanningsinstitusjonane for å skape pasienten si helseteneste.

Vi får det best til om vi samarbeider og trekker i same retning!

 

Adm.dir. Espen Remme
Adm.dir. Espen Remme