Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil levere eit godt forprosjekt for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

- Vi er i rute. Vi held budsjettet og vi vil levere ein solid forprosjektrapport, det er bodskapen frå prosjektdirektør Helle Jensen ein dryg månad før forprosjektet blir lagt fram for behandling i styret i HMR.

Guri Viken
Publisert 25.10.2017
Et stort grønt landskap med bygninger og trær ved en vannmasse

​I forprosjektet har målet vore å kvalitetssikre alle berekningar og å førebu bygginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, slik at ein kan fatte endeleg avgjerd om å bygge. Prosjektet har jobba med detaljane på innrettinga og utstyret i SNR og arkitektane har laga meir detaljerte teikningar av bygget og av utearealet. Alle rom er no teikna inn.

Forslag til utforming av kantineområde ved akuttsjukehuset

Prosjektet har også hatt mykje fokus på å gjennomgå og kvalitetssikre prosjektkostnadane i forprosjektet.

- Vi har god kontroll på økonomien i prosjektet og opplever at vi gjennom tett samarbeid med tilsette i HMR og brukarar har planlagt det som vil bli eit framtidsretta og godt sjukehustilbod for befolkninga i Nordmøre og Romsdal, seier Jensen.

Arbeidet med DMS i Kristiansund

Planlegginga av SNR-innhaldet i Kristiansund følgjer ei litt anna framdrift enn akuttsjukehuset. Under styremøtet beskreiv prosjektsjef Ketil Gaupset korleis usikkerheit knytt til framtidig eigarskap og utvikling av sjukehusbygget i Kristiansund har vore med på å påverke framdrifta i arbeidet.

- Før jul vil vi invitere kommunane på Nordmøre og i Romsdal til dialogmøte kor vi mellom anna ønskjer dialog om eit samarbeid for å utvikle eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Helse Møre og Romsdal kan ikkje utvikle eit DMS åleine, det må skje i tett samarbeid med kommunane og eventuelt andre aktørar, seier Gaupset.

I forprosjektet legg prosjektet fram foreløpige planar for bruk av SNR-areal ved Sjukehuset i Kristiansund. Dette blir det jobba vidare med i neste fase.

Forslag til nytt inngangsparti i Kristiansund
Forslag til nytt inngangsparti i Kristiansund

Storkontrakt for akuttsjukehuset

I månadsskiftet november/desember legg SNR-prosjektet også ut ein totalentreprise som inneheld både bygg og teknikk knytt til bygginga av det nye akuttsjukehuset på Hjelset. Kontrakten vil ha ein storleik på om lag 1,5 milliardar kroner.  Arbeidet med ombygging av Sjukehuset i Kristiansund kjem som ein eigen entreprise seinare i prosjektperioden.

Har valt entreprenør for riving av bygg på Hjelset

AF Decom AS, ein av dei største riveentreprenørane i Noreg, er innstilt for oppdraget med å rive dei gamle psykiatribygga på Hjelset. Kontraktsummen for oppdraget er på om lag 10 millionar kroner.

Et militært kjøretøy parkert foran en bygning


- Vi startar rivearbeidet på Hjelset i januar 2018 og arbeidet vil halde fram til juni same år. I mars 2018 går vi i gang med viktig infrastrukurarbeid på sjukehustomta og vi legg ut ein entreprise for dette oppdraget i løpet av neste veke, seier Jensen.

Vegen vidare

Behandlinga av forprosjektet skjer i styret i Helse Møre og Romsdal 29.november og i styret i Helse Midt-Norge 7.desember. Planlagde aktivitetar i 2018 er mellom anna riving av bygg, infrastrukturarbeid, detaljprosjektering og oppstart av bygginga av akuttsjukehuset på Hjelset.