- Dette er ein føregangsseksjon med ei heilhetleg tilnærming til arbeidsmiljø og fagleg utvikling, sa konstituert HR-direktør Ketil Hjelset då han overrekte Arbeidsmiljøprisen til seksjonsleiar Perny Oksnes ved Forsterka rehabilitering i Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre.
Seksjonen har kontinuerleg jobba for å forbetre og halde på eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø , noko som dei tilsette meinar har kjenneteiknar arbeidsplassen sidan oppstarten i 2008.
- Det at vi skal kunne seie at vi er stolte av arbeidsplassen vår, det har vore eit mål for meg som leiar, sa seksjonsleiar Perny Oksnes da ho tok i mot prisen på vegne av seg sjølv og 32 tilsette.
Forsterka rehabilitering er ein av fem seksjonar ved Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre, underlagt Klinikk for psykisk helse og rus. Målgruppa er pasientar med samansatte psykiske lidingar og pasientar dømt til psykisk helsevern.
Vi skal kunne seie at vi er
stolte av arbeidsplassen vår
Seksjonsleiar Perny Oksnes
Rekrutterer godt
Fokuset på godt arbeidsmiljø og god fagkompetanse har gjort at seksjonen mottek stadige førespurnadar både frå interne og eksterne om undervisning og veiledning. Dette har også spegla seg gjennom samarbeidet med NTNU som har vore ein god rekrutteringsbase, og kor fleire av dei tilsette har undervist.
- Vår erfaring er at studentane er blant våre viktigste kritikararar, og derfor sett vi sjølvsagt tilbakemeldinga frå dei høgt. Per i dag har vi tre tilsette i fast stilling som tidlegare har vore studentar hos oss og søkt seg tilbake hit etter endt utdanning, seier seksjonsleiar Perny Oksnes.
Fagleg utvikling og tilrettelegging
Sidan 2017 har dei tilsette arbeida aktivt med pasientforløp for sikkerhetspsykiatri som no er i implementeringsfasen. Det er utarbeida sjekklister for heile forløpet som skal ivareta pasienttryggleiken og innhaldet i behandlingsforløpet etter nasjonale retningsline. Seksjonen ventar no på ein endeleg avklaring om å bli fylkesdekkande Sikkerheitspost.
- Alle tilsette har tatt del i dette arbeidet, og tilbakemeldingene har vore utelukkande positiv. Det å involvere alle meiner vi bidrar til aukt fagleg fokus, yrkesstoltheit og eit godt arbeidsmiljø, seier Oksnes.
I tillegg har seksjonen jobba aktivt med å tilrettelegge arbeidskvardagen for å gi dei tilsette moglegheit for å vere i jobb så langt det er mogleg og ønskeleg. I 2017 hadde seksjonen ei tilrettelegging på fem tilsette, som forhindra unødig sjukefråver.

Nokre av dei tilsette ved Forsterka rehabilitering.