Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årets influensasesong er i gong

Det er framleis ikkje for seint å vaksinere seg.

Publisert 04.01.2018
Dame som snyter seg.
Illustrasjonsbilde Colourbox.com

Dei siste vekene har om lag 60 pasientar med influensa blitt innlagt ved sjukhusa i Helse Møre og Romsdal. Dei fleste er over 60 år med influensa type B.

– Vi forventar at talet på innleggingar vil auke den næraste tida, og at toppen vil kome ut i januar, fortel smittevernsoverlege i Helse Møre og Romsdal, Jørn-Åge Longva.  Han legg til at det likevel ikkje er for seint å la seg vaksinere, då influensaviruset kjem til å vere i omløp i fleire månedar framover. Risikoen for å bli smitta, sjølv om ein er vaksinert, vil auke med aukande mengde virus i omløp. 

Les om årets influensasesong (Folkehelseinstituttet, fhi.no)

Korleis unngå smitte?

– Influensaen smittar via dråpar frå sjuke personar som hostar eller nyser, eller via direkte kontakt. Generelle smitteforebyggande råd er å vaske hendene ofte, og unngå å hoste eller nyse på andre, fortel Longva.

Kva gjer eg dersom eg får influensa?

Smittevernsoverlege Jørn-Åge Longva vil råde den som er sjuk til å halde seg borte frå jobb eller skule til ein er fri for feber og hoste.

– I tillegg bør du ta det heilt med ro, og det er anbefalt å få i seg rikeleg med drikke, og ev. bruke febernedsettande medisin ved behov, seier Longva.

Les fleire råd til deg som er sjuk (Folkehelseinstituttet, fhi.no)