Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årets sjukepleiar og sjukepleieleiar er frå Helse Møre og Romsdal

Ingunn Klokk blei kåra til årets sjukepleiar og Ola Dagfinn Boksasp blei kåra til årets sjukepleieleiar 2018 i Møre og Romsdal.

Publisert 11.05.2018

Ingunn Klokk og Ola Dagfinn Boksasp

Ingunn Klokk er sårsjukepleiar ved Volda sjukehus og Ola Dagfinn Boksasp er seksjonsleiar ved intensivseksjonen i Kristiansund. Dei fekk utdelt prisen av Norsk Sykepleierforbund den 8. mai i samband med markeringa av den internasjonale sjukepleiardagen i Molde.

Gratulerer så mykje til dei to prisvinnarane!