Om prosjektet
Før jul blei det kjent at Helse Møre og Romsdal, Kristiansund kommune, ORKidé og Helseinnovasjonssenteret i Kristiansund startar eit felles prosjekt for å utvikle DMS-innhaldet. I dag, fredag 19.januar var styringsgruppa samla i Kristiansund og blei einige om mandat, samt innhaldet for ei stilling som prosjektleiar.
Delar av styringsgruppa samla. Frå venstre adm.dir i HMR, Espen Remme, rådmann i Kristiansund kommune, Arne Ingebrigtsen, rådmann i Gjemnes kommune, Birgit Eliassen, ordførar i Kristiansund kommune, Kjell Neergaard og leiar i ORKide, Roger Osen- Vi i Helse Møre og Romsdal er svært glade for endeleg å komme i gang med prosjektet. Det er nå viktig å leggje til rette for vidareføring og utvikling av spesialisthelsetenester, kommunale tenester, helseinnovasjon og andre utviklingsaktørar som ønskjer seg inn i framtidas DMS, seier administrerande direktør i HMR, Espen Remme.
Vil utforske og utnytte moglegheitsrommet
Delar av DMS-arbeidet inngår som ein del av prosjektet med å utvikle Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. I tillegg legg sjukehusbygget til rette for å utvikle nytt innhald.
- Det meste er opp til oss sjølv og vår eiga vilje til å leggje kjente og ukjente tenester inn i senteret, seier Neergaard som får støtte av Remme.
- For å lukkast med å gje pasientane våre eit best mogleg tilbod så må Helse Møre og Romsdal og kommunane gå hand i hand og samarbeide tett. Eg ønskjer at vi i framtida tenkjer heilskap og utviklar helsetenestene våre på ein måte som legg vekt på gode pasientforløp, omstilling og innovasjon, avsluttar Remme.