Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Einige om betaling for utskrivingsklare pasientar

Ålesund kommune og Helse Møre og Romsdal har inngått avtale i saka om betaling for utskrivingsklare pasientar for perioden 2016 og 2017.

Publisert 18.04.2018
Logo Helse Møre og Romsdal

Partane er einige om at Helse Møre og Romsdal skal betale tilbake 75 prosent av kravet frå kommuna på kr. 9 628 115,- og at saken etter dette er endeleg avgjort.

Fleire kommunar har sendt krav på at dei har betalt for mykje for pasientar som har lagt i sjukehusa etter at dei har vore meldt utskrivingsklare til kommunane. Kravet kjem fordi kommunane ikkje har fått informasjon om pasienten elektronisk i rett tid, noko som er eit krav i samhandlingsavtalen mellom kommunane og helseføretaket.  

Pasientane har hatt eit tilbod i sjukehusa

Eit viktig poeng for helseføretaket har vore at sjølv om ein ikkje har sendt elektronisk epikrise i rett tid, så har pasientane har hatt eit helsetilbod når dei har blitt liggande i sjukehuset.

- Sjukehusa har hatt dei vanlege utgiftene med pasientbehandlinga for pasientar som ikkje er overført til eit kommunalt tilbod, og det har derfor vore viktig for oss at saken måtte få ei løysning som er rimeleg for begge partar, seier adm. dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal. Han opplever også at Ålesund kommune ønskjer å betre kvaliteten på informasjonen på pasientar som blir innlagt i sjukehusa.
- Partane er einige om at overlevering av oppdaterte pasientopplysninger til rett tid er viktig både ved innskriving og utskriving av pasientar, seier Remme.

HMR skal halde fram arbeidet med å kvalitetssikre at det blir sendt elektronisk epikrise i rett tid, og Ålesund kommune ser at det er nødvendig at kommunale helsetenester forbetrer arbeidet sitt når det gjeld kvaliteten på informasjon og dokumentasjon ved innlegging av pasientar i Helse Møre og Romsdal.

Les heile avtalen her.