Fem leverandørar ønskjer å byggje det nye akuttsjukehuset på Hjelset
Fredag 12.januar kl.12.00 gjekk fristen ut for å søke om å bli prekvalifisert for oppdraget. Tre norske og to utenlandske leverandørar har meldt seg på i konkurransen.
- Vi er glad for den store interessa for oppdraget og er allereie i gang med gjennomgangen av søknadane. Fram til 26.januar skal vi sjekke om leverandørane oppfyller kvalifikasjonskrava, samt velje ut 3-5 leverandørar som blir invitert til å levere tilbod, seier prosjektdirektør Helle Jensen.
Akuttsjukehuset på Hjelset vil saman med det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund utgjere det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR).
SNR vil bli eit moderne og framtidsretta sjukehus som skal sikre innbyggarane betre kvalitet på tenestene, auka pasienttryggleik, auka opningstider og kortare ventetid.
Konkurranse med forhandling
Konkurransen om oppdraget med å byggje akuttsjukehuset blir gjennomført av Sykehusbygg på oppdrag frå Helse Møre og Romsdal og er ein konkurranse som gjennomførast med forhandlingar. Informasjon om namna på tilbydarane og liknande blir difor ikkje delt før valet av leverandør er gjort.
- Leverandørene som blir valt ut i første runde, får frist til 20.april for å sende inn sine tilbod. Deretter gjennomfører vi forhandlingar før vi velgjer ut leverandøren som har gitt det beste tilbodet ut i frå tildelingskriteria, pris, oppgåveforståing og tilbudt kompetanse, seier Jensen.
Helle Jensen i Sykehusbygg