Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Har mottatt nærare 100 høyringssvar

Utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal blei lagt ut på offentleg høyring den 26. oktober 2017. Ekstern høyringsfrist var sett til den 7. desember og intern frist var den 20. desember.

Publisert 03.01.2018
En collage av mennesker

Opptelling av høyringssvar viser at det er kome inn nærare 100 svar, og flest kjem frå klinikkar, avdelingar, seksjonar og tilsette internt i helseføretaket. 

Høyringssvara er delt inn i tre kategoriar:

  • Offentlege organ og organisasjonar
  • Interne klinikkar, avdelingar, seksjonar og tilsette
  • Andre aktørar

Les alle høyringssvara
Les høyringsdokumentet

Vidare framdrift

Eit samandrag av høyringskommentarane blir inkludert i utviklingsplanen, medan alle høyringskommentarane vil bli samla i eit vedlegg til endeleg plan. Endeleg versjon av utviklingsplanen skal leggast fram for styret i Helse Møre og Romsdal den 21. februar 2018, før den blir oversendt til Helse Midt-Norge innan fristen den 1. mars.

Les også sak frå oktober 2017 då utviklingsplanen blei lagt ut på høyring.

Kva er ein utviklingsplan?

Ein utviklingsplan skal peike på ønska utviklingsretning for sjukehusa i helseføretaket og kva tiltak som er nødvendige for å møte utfordringane i framtida. Planen skal seie noko om korleis helseføretak vil utvikle verksemda si for å vere klar for dei framtidige behova for helsetenester.

Formålet er å skape pasienten si helsetjeneste gjennom riktig kompetanse, nye arbeidsformer og
riktige bygg og utstyr. 

Alle helseføretak i Noreg skal lage ein utviklingsplan for si verksemd, og den skal reviderast kvart 4. år